Tiltak mot tvangsekteskap
Flerie ungdommar med innvandrarbakgrunn som er busette i Noreg opplever kvart år at dei vert tvangsgifta medan dei er på ferie eller besøker familie i utlandet. UDI sitt kompetanseteam jobbar for å hjelpe ungdom som kan være i fare for å bli gifta mot sin eigen vilje.
UDI sitt kompetanseteam samarbeidar med skulane, barnevernsvakta og politiet for å hjelpe ungdom som er bekymra for at dei skal verta tvangsgifte. Ungdom i Noreg, både gutar og jenter, med bakgrunn frå ulike land, kan være i fare for å bli tvangsgifte. Erfaring syner at det særleg er jenter mellom 15 og 18 år som kan væra utsette. Faren for å bli tvangsgifta aukar markant dersom jenta tidligare har vore i konflikt med familien, eller dersom ho har fått seg ein kjærast.
- Vi har fleire eksempel på at ungdom har vorte med på ferie har vorte tvangsgifta, seier rådgjevar Terje Bjøranger i UDI som leiar kompetanseteamet.
Bjøranger fortel at ungdom som er bekymra for å verta tvangsgifta i utlandet mens dei er på ferie kan kontakte anten ein lærar, det lokale barnevernet eller politiet.
- UDI har kontakt med skular som fryktar for elevane sine. Bekymra venner og lærarar ringer kompetanseteamet. Så langt i år har UDI blit kontakta 75 gonger angåande æresrelatert vald, inkludert tvangsekteskap. Heldigvis har det blitt eit større offentleg fokus på problemet, seier Bjøranger.
Han understreker kor viktig det er at det offentlige fortel ungdommane at det er mykje vanskeligare å hjelpe dei når dei er i utlandet.
- Ungdom som er bekymra før dei reiser på ferie ned familiane sine, bør ta kontakt med politiet eller barnevernet på førehand. Dei kan då informere om når dei kjem tilbake til Noreg, og fastestte ein avtale om bistand. Hvis dei ikkje er heime til den avtala datoen, vil myndene kunne reagere. Dersom det er mogleg for ungdommane å ha med seg ekstra pengar, ein kopi av passet og id-papir så er det lurt å gjera dette, rår Bjøranger. Politi og barnevern bør også ha kopi av reisedokument, dersom ungdommen vel å reise.
Norske mynder kan hjelpe ungdom både dersom dei reiser på ferie med familiane sine eller blir i Noreg. Myndene vil kunne hjelpe med å sette saman eit tilbod for at ungdommen skal føle seg trygge. Bjøranger gjentek og understrekar derimot at det er at det er mykje lettare å hjelpe ungdom i ein vanskelig situasjon her i Noreg enn i utlandet.
Ungdom som er bekymra kan informere det lokale barnevernet og politiet. I tillegg kan dei ringe barnevernsvakta si naudline for tvangsekteskap 22 70 55 87, og politiet sitt kontaktnummer 02800. Dersom det er naudsynt kan ein ringe politiet si naudline 112.
Sist oppdatert:
29.06.2007
Publisert:
29.06.2007