1. juli var det til saman 75 000 gyldige arbeidsløyve i Noreg. Nesten kvar fjerde av arbeidsinnvandrarane jobbar i byggebransjen. Eit fleirtal av alle arbeidsløyvene, 81 prosent, er det menn som har.
Polske borgarar toppar statistikken både når det gjeld familieinnvandring og arbeidsinnvandring. Stadig fleire polske arbeidsinnvandrarar arbeidar i lengre periodar enn det som var vanleg tidlegare, og dei vel difor å ta med seg familiane sine.
Talet på ayslsøkjarar er stabilt
Talet på personar som kjem til Noreg med arbeidsløyve eller familieinnvandringsløyve aukar, medan talet på asylsøkjarar held seg stabilt. Gruppa av statslause asylsøkjarar, hovudsakleg palestinarar, har derimot auka med nærare 150 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Prosentdelen av asyløkjarar som får eit positivt vedtak på søknaden sin, er større enn på same tid i fjor. Dette indikerer at fleire av dei som søkjer asyl har eit reelt behov for vern.
Samstundes som talet på asylsøkjarar har vore på eit stabilt nivå dei siste åra, blir det stadig færre som bur i asylmottaka. Dette er fordi fleire som har løyve blir raskare busette i kommunane.
Tal frå dei einskilde fylka
Les pressemeldingane: (på bokmål)
Ein av fire arbeider i bygg- og anleggsbransjen
Færre bebuarar i asylmottak
Talet på asylsøkjarar til Noreg er stabilt
Sterk auke i arbeidsløyve til faglærte indarar