I dag har nesten 75 000 utlendingar rett til å arbeide i Norge. Aldri tidlegare har det vore fleire inviduelle løyve, viser tal frå første halvår som blir presenterte av UDI i dag. Dette er ei auke på 50 000 sidan 2003.
Dei fleste arbeidsinnvandrarane kjem frå Polen, Litauen, Tyskland, Latvia og Storbritania. Mange av desse arbeidarane ønskjer også å bli verande i Noreg. Forskningstiftingen Fafo si undersøkjing blant polske arbeidsinnvandrarar i Oslo fortel at ein av tre av dei som er tilsette i eit norsk firma ikkje ønskjer å dra tilbake til Polen.
Familiane kjem etter
Minst like interessant som veksten i talet på arbeidsinnvandrarar, er auka i talet på familiemedlem som kjem etter og vil busette seg på meir permanent basis i Noreg.
I første halvår gjekk 36 prosent av familieinnvandringsløyvene til personar som vart sameina med ein arbeidsinnvandrar. Det viser at mange har eit lengre perspektiv på sitt opphald i Noreg.
Blant desse familieinnvandrarane er det også mange barn. I 2006 vart det for eksempel gitt meir enn 900 familiinnvandringsløyve til polske barn. I første halvår vart det gitt 582 slike løyve til personar under 18 år.
Mange av desse barna vil til hausten spent møte nye klassekameratar i ein norsk skule. Der vil dei raskt kunne lære seg norsk, få norske venner og ta del i aktivitetar med norske barn. Det er grunn til å tru at dette vil føre til at familiane 'slår rot' i det norske samfunnet for ein lengre periode.
Slik var det ikkje på 1970-talet då dei første arbeidsinnvandrarane frå Pakinstan, Tyrkia, India og Marokko kom til Noreg. For dei fleste var tanken å arbeide i Noreg for ein kortare periode, for så å reise heim. Dei vart ofte tilbode lite attraktive jobbar, låg lønn, og dei hadde få karriereutsikter. Sidan dei uansett skulle reise heim, var det lite fokus på språkopplæring, infromasjon om rettar og plikter og tilbod om vidare kvalifisering. Etter kvart viste det seg at mange arbeidsinnvandrarar vart værande, og fekk familien sin til Noreg.
Frichsenteret har gjennomført analyser som viser at mange av desse arbeidsinnandrarane fekk korte yrkeskarrierer og rask vart trygda. Det er ei utvikling som vi må unnngå for dei nye arbeidsinnvandrarane.
Integrering er meir enn det å være i jobb
Det å ta del i arbeidsmarknaden og ha eigen inntekt blir av dei fleste rekna som ein nøkkel til integrering. Arbeidsinnvandrarane er i arbeid, men arbeidet opner ikkje automatisk dørene til andre arenaer for intergrering som for eksempel organisasjonsliv, idrett og lokalmiljø.
IMDi har gjennomført samtalegrupper med polske innvandrarar i seks norske byar. Her kjem det fram at dei færraste har norske venner. Mange kunne derimot ønske seg meir sosial kontakt med nordmenn på fritida. Manglande norskkunnskapar er for mange ei avgjerande hindring.
Fleire meinte at korte arbeidskontraktar og opphaldsløyve ikkje motiverer til å lære norsk. Nåen ein ikkje veit om ein skal bli verande i Noreg, er det vanskeleg å prioritere å lære norsk etter ein lang dag på jobben. Ein deltakar i Gjøvik fortalde. 'Vi reiste heilt til Lillehammer for å lære norsk, men slutta'. Dette understreker kor viktig det er med opplæring etter arbeidstid i lokalmiljøa.
Smidigare regelverk og tilpassa informasjon
Vi ser at manglande norskkunnskapar også hindrer arbeidsinnvandrarane sin tilgang på viktig informasjon om rettar og plikter i det noske samfunnet. Ein ny rapport frå Statskonsult anbefaler at informasjonen som blir gitt til arbeidsinnvandrarar må bli meir målretta, meir tilgjengeleg, og i auka grad bli gitt på relevante språk.
UDI har allereie sett i gang fleire tiltak for å betre servicen og gjere informasjon og kunnskap lettare tilgjengeleg, både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. I tillegg kjem innsatsen for å få ned sakshandsamingstidene for desse sakene.
Men det er ikkje nok at utlendings- og integreringsmyndene prioriterer arbeidet med å handtere den auka arbeidsinnvandringa. For å greie å skape gode sosiale tilhøve for arbeidsinnvandrarane og utnytte ressursane dei har, er det naudsynt med innsats frå fleire aktørar. I tillegg til at direktorata har eit klart definert ansvar, må også arbeidsgjearane, frivillige organisasjonar, idretten og lokalmiljøa på banen. Vi har eit felles ansvar for å finne dei gode svara på denne integreringsutfordringa.