Unyansert om asylmottak
Fleire media har denne veka skrive om ungdom og bebuarar i asylmottak som sel sex. UDI er kjent med problemet og har gode samarbeidsrutiner med mottaka, politiet og barnevernet for å skjerme bebuarar som kan bli utsette for tvangsprostitusjon.
I ein artikkel som vart trykt i Dagbladet mandag 30. august vart det hevda at leiinga ved asyl- og transittmottaket på Hvalstad i Asker så langt i år har sendt åtte bekymringsmeldingar til politiet, UDI og barnevernet om barn som sel sex. Dette stemmer ikkje. Leiinga ved Hvalstad har presisert at tre av bekymringsmeldingane som blei sendt i år gjaldt bekymring for mogleg tvangsprostitusjon. Dei resterande bekymringsmeldingene gjaldt tvangsekteskap (1) og tvangsarbeid (4). Bekymringsmeldinger blir dessutan brukt for å markere bekymring og er ikkje påstandar om at noko faktisk har skjedd.
Bebuarar i mottak og einslege mindreårige som kan stå i fare for å bli utnytta, blir skjerma. Når mottaka avdekker slike forhold, samarbeider UDI med politiet i høve til bakmennene, og med barnevernet som har ansvar for å gje eit godt tilbod til ungdom som kan bli utnytta.
Sist oppdatert:
06.08.2007
Publisert:
06.08.2007