Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Barn frå mottak møtte Dronninga

Barn frå fleire asylmottak hadde ein stor dag 7. oktober. Då fekk dei møte Norge si dronning medan dei dribla, takla og skaut på fotballskule i Haugesund.

Blant 700 forventningsfulle barn på fotballskule i Haugsund, var også 75 barn fra ulike asylmottak i regionane Sør, Vest og Midt-Noreg. For alle barna var det ei spesiell oppleving at H.M.Dronning Sonja opna ”Barn er Bra festivalen” i Haraldshallen. Barna frå asylmottaka tykte det var veldig spanande å få møta både Norge si Dronning og fotballpresident Sondre Kåfjord.

Atle Berge fra UDI sitt regionkontor Vest og Rolf Angelsen frå mottakseininga deltok også på opninga. Etterpå vart det arrangert eit eige møte der fotballklubbane Djerv, Haugar og Vard presenterte integreringsarbeidet sitt.

UDI har i samarbeid med Norsk Fotballforbund (NFF) lagt til rette for ein fotballskule for barn frå asylmottak. Sportsklubben Vard i Haugesund var teknisk arrangør. Fotballskulen er integrert som ein del av ”Barn er bra festivalen” i Haugesund som vart arrangert i perioden 7. – 10. oktober.

Barna frå mottaka vart delt opp i grupper etter alder. Kvar gruppe hadde 10 – 16 spelarar og to instruktørar. Det vart satt opp ei eiga jentegruppe slik at dei skulle få eit betre utbytte. I tillegg til barna frå asylmottaka var det 100 barn frå Haugesund som også deltok på fotballskulen.

Alle dagane byrja med eit føremiddagsshow, deretter var det fotballtrening, og underhaldning før det vart servert middag. Om kvelden var det også ulike kulturelle arrangement.

Tiltaket er finansiert av aktivitetsmidler for barn i budsjettet for post 21, Drift av statlege mottak.


Sist oppdatert: 01.11.2007
Publisert: 01.11.2007