Enklare for EU-borgarar å jobbe i Noreg
Frå 1. januar 2008 kan arbeidstakarar frå dei fleste nye EU-landa begynne å jobbe i Noreg så fort dei har levert inn ein fullstendig søknad om arbeidsløyve.
Hittil har arbeidssøkjarar frå dei nye EU-landa måtta vente på arbeidsløyve før dei kunne begynne å jobbe i Noreg. Frå 2008 kan arbeidstakarar frå Polen, Estland, Latvia, Litauen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia, Ungarn, Bulgaria og Romania - som søkjer om arbeidsløyve etter EØS-regelverket - begynne å jobbe i Noreg så snart søknaden deira er levert til utlendingsstyresmaktene. Dette føreset at søkjaren leverer inn ein fullstendig søknad, og at vilkåra om heiltidsarbeid og lønn i samsvar med tariff er oppfylt. Ved levering av søknaden skal søkjaren få eit dokument som viser at han/ho kan jobbe i Noreg.
Søknaden vil bli behandla av politiet eller av Utlendingsdirektoratet (UDI), og vedtaket i saka vil bli send til søkjaren. Søkjarar som får avslag har høve til å klage på vedtaket. Det er UDI eller Utlendingsnemnda (UNE) som tek stilling til klaga.
Sist oppdatert:
20.12.2007
Publisert:
20.12.2007