Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
In English tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Framleis stor innvandring og folketilvekst

I fyrste kvartal 2008 auka folketalet med 16 200, og 1. april var det registrert 4 753 400 busette i Noreg. Dette er den nest største tilveksten i folketalet i eitt kvartal som nokon gong er registrert, og 5 800 fleire enn i fyrste kvartal førre året.

Innflyttingsoverskottet frå utlandet på 12 400 personar, stod for 77 prosent av folketilveksten. Det vart registrert 16 900 flyttingar til Noreg frå utlandet i 1. kvartal, 25 prosent fleire enn året før, som var det høgaste fram til då. I tillegg kjem dei som tek seg arbeid, men er i landet i mindre enn seks månader. Dei vert ikkje registrerte som innflytta, og er ikkje medrekna i folketalet. 4 500 flyttingar frå Noreg er noko mindre enn førre året, men på same nivå som dei siste åra.
 
Talet på fødde – 14 800 – var òg likt året før. Talet på dødsfall var 11 000, noko som gir eit fødselsoverskott på 3 800.
 
Framleis flest polske statsborgarar
4 300 av dei 16 900 som innvandra i 1. kvartal – ein av fire – var polske statsborgarar. Andre store grupper var svenske (1 600), tyske (1 100) og litauiske statsborgarar (800). I alt innvandra det personar med 147 ulike statsborgarskap til landet.
 
Over 120 000 innbyggjarar i Stavanger – og Bergen nærmar seg 250 000
I 1. kvartal auka folketalet mest i Oslo, Akershus og Rogaland, med ein tilvekst på høvesvis 5 200, 2 200 og 2 100. Desse tre fylka stod for 58 prosent av folketilveksten i landet. Det var berre i Nordland at folketalet gjekk ned. Omkring 1. mars runda Stavanger 120 000 innbyggjarar, og om den høge innvandringa held fram, er det truleg at Bergen vil runda 250 000 i 3. kvartal.
 
Størst fødselsoverskott i Oslo
Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland var i ei klasse for seg når det gjeld fødselsoverskott. Fødselsoverskottet på 2 900 i desse fire fylka stod for 78 prosent av det samla fødselsoverskottet i landet. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Telemark og Nordland, hadde fødselsunderskott.
 
Framleis samla flyttetap for Nordland
Oslo hadde det største samla flytteoverskottet, 4 000, fylgd av Akershus med 1 700. Berre Nordland hadde flyttetap i 1. kvartal når ein ser på alle flyttingar under eitt – innanlandske og flyttingar til og frå utlandet. Frå Nordland flytta det 100 fleire ut enn inn. Også i høve til folketalet var det samla flytteoverskottet størst i Oslo.

Innanlandske flyttingar
Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag var dei tre fylka – av i alt sju - som hadde stor flyttevinst i høve til dei andre fylka i 1. kvartal, størst for Oslo med 600. Tolv fylke hadde flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 400. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet, fylgd av Sogn og Fjordane.
 
Flyttevinst frå utlandet
Alle 19 fylka hadde – som vanleg dei seinare åra – ein flyttevinst frå utlandet. Størst var han i Oslo, Rogaland og Akershus, med høvesvis 3 400, 1 400 og 1 300. Denne vinsten på i alt 12 400 vog mykje opp for fødselsunderskott og for innanlandske flyttetap i mange fylke.
 
Folketalet auka i 245 kommunar
Folketalet auka i 245 av landets kommunar i 1. kvartal, medan det gjekk ned i 170 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane, hadde Tromsø med 500 den største auken i folketalet. Sett i høve til folketalet, var det likevel i Flå at folketalet auka mest. Største tapet hadde Vefsn med 80, men i høve til folketalet var det Kvalsund og deretter Gamvik som hadde største tapet. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott.
 
Fødselsunderskott i mange Hedmarks- og Opplandskommunar
I alt 194 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 203 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Sandefjord, Surnadal og Eidskog. 13 av dei 25 kommunane med størst fødselsunderskott, var i Hedmark og Oppland.

 
Kilde: Statistisk Sentralbyrå (SSB)
 


Sist oppdatert: 22.05.2008
Publisert: 22.05.2008