I påvente av forskriftsendringar skal det frå 31. august ikkje fattast vedtak i saker som involverer barn som har vore i landet i tre år eller meir, og som framleis oppheld seg her. Det går fram av ein instruks frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) til Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemda. Forskrifta blir venta å tre i kraft i løpet av våren 2007.