UDI logo

Familieinnvandring for studentar


Eit opphaldsløyve for familieinnvandring med ein student, er ikkje eit løyve som gir grunnlag for å busetje seg fast i Noreg.

Familiemedlemer kan giast løyve til deltidsarbeid, ikkje meir enn 20 timar pr veke, og til heiltidsarbeid i feriar. Det er ein føresetnad at familien skal returnere til heimlandet saman med studenten når han/ho har avslutta utdanninga.

For at familien til personen i Noreg skal få opphaldsløyve i Noreg mens han/ho studerer, må følgjande vilkår vere oppfylt:

  • Personen i Noreg må studere på høgskule- eller universitetsnivå
  • Søkjaren må tilhøyre din nærmaste familie
  • Underhald må vere sikra
  • Familien må bu saman
  • Familien må returnere til heimlandet når studenten er ferdig med utdanninga si
  • Søknaden blir ikkje innvilga dersom det står att mindre enn eitt år av studia