Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Flest kjem til Noreg på grunn av familie




Også i 2004 utgjorde utlendingar som har nære familierelasjonar i Noreg den største gruppa av personar som kom til landet. Talet familieinnvandrarar held seg høgt, sjølv om færre får løyve til sameining med flyktningar etter at reglane vart skjerpa inn i 2003, seier direktør Trygve G. Nordby i Utlendingsdirektoratet (UDI).

Fleire enn i fjor

I 2004 blei det gitt  12 800 løyve til personar som søkte om familieinnvandring, 2 300 fleire løyve enn i 2003, då det blei gitt 10 500 løyve. 38 prosent av løyva blei gitt til menn. Stadig fleire av dei som kjem til Noreg på grunn av familieinnvandring blir sameint med norske borgarar. Dei ti landa det kom flest søkjarar frå i fjor vik ikkje mykje frå 2003, sett bort frå at Thailand og Irak har bytt plass. (Tal for 2003 i parentes):
 
Thailand1100 (780)
Irak917 (940)
Russland742 (797)
Somalia682 (652)
 Tyskland563 (401)
 Pakistan 497 (518)
 Storbritannia 454 (330)
 Filippinene 438 (396)
 USA 422 (322)
 Tyrkia 418 (445)

Kortare saksbehandlingstider

Interne omorganiseringar fører nå til at UDI kjenner seg betre rusta til å behandle søknader om familieinnvandring i framtida. Frå og med 1. desember i fjor blei det etablert ei tredje eining for familieinnvandring. Det betyr at tre einingar nå behandlar søknader om familieinnvandring. Sjølv om ikkje fleire personar er sett til å arbeide med behandling av søknader om familieinnvandring, har ein i endå større grad enn før sett på korleis ein fordelar søknadene om familieinnvandring mellom seg avhengig av frå kva land søknadene kjem frå. Utover i 2005 ventar ein å sjå resultat av denne omlegginga. 
 

Kontaktperson for medieførespurnader

Direktør Trygve G. Nordby,
UDI sin pressetelefon 23 35 17 00.


Sist oppdatert: 19.01.2005
Publisert: 19.01.2005