Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

Ventemottaket i drift

Ventemottaket i Lier kommune vil vere i drift frå og med måndag 27.mars, og dei fyrste bebuarane vil flytte inn same dag.



Regjeringa avgjorde å opprette eit ventemottak for å gi eit einsarta tilbod til tidlegare asylsøkjarar utan lovleg opphald i Noreg inntil dei forlèt landet. Ved å opprette eit ventemottak overtek staten ein del av kommunane sitt ansvar ved å gi tilbod om kost og losji til tidlegare asylsøkjarar inntil dei forlèt Noreg. Ventemottaket er plassert i den tidlegare sivilforsvarsleiren i Lier kommune. Det er UDI som har fått i oppdrag av regjeringa å etablere og sørgje for drift av ventemottaket.

Ventemottaket er eit ope og frivillig butilbod til 100 personar som har mist tilbodet i ordinære asylmottak etter endeleg avslag på søknaden om asyl. Ventemottaket skal ha ein nøktern, men forsvarleg standard med enkel forpleining. Dei innkvarterte vil få enkel innkvartering, mat og forbruksvarer.

Bemanninga i mottaket skal vere høgare enn i ordinære mottak, og det blir lagt opp til døgnkontinuerleg bemanning som tilfredsstiller krava til brannvern og ansattes og tryggleiken til bebuarane. Det skal i tillegg innførast inngangskontroll. Denne inngangskontrollen skal hindre at uvedkomande personar får inngang til ventemottaket, samtidig som dette skal gje ei oversikt over kven som til einkvar tid oppheld seg der. Utover inngangskontrollen blir det i fyrste omgang ikkje nødvendig med ytterlegare sikring, som for eksempel meldeplikt. Det vil vere tilknytt ei eigen helseteneste til ventemottaket.

UDI er oppteke av nært og godt samarbeid med kommunale styresmakter, lokalmiljøet, politiet og helsestyresmaktene i Lier kommune.

For ytterlegare informasjon ring pressetelefonen til UDI på 23 35 17 00.



Sist oppdatert: 02.01.2007
Publisert: 27.03.2006