Hopp til hovedinnholdet Hopp til søk
Bokmål tips en vennTips en venn  skriv ut denne sidenSkriv ut  skriv ut denne sidenAbonnere

UDI sin årsrapport 2005

Kva saker dette gjeld, kva grupper som fekk løyve og kven som fekk avslag er utførleg skildra i UDI sine nye publikasjonar "Årsrapport 2005" og "Tal og fakta 2005".



I augneblinken reknar ein med at det er rundt 200 millionar menneske som har opphalde seg meir enn eit år utanfor heimlandet sitt. Migrasjonsdebatten i Noreg handlar mykje om asyl og utforming av regelverk, og mindre om mangfaldet av årsaker til at menneske er på vandring.

Migrasjon, folkevandring, handlar om nokre av dei mest sentrale spørsmåla i vår tid: Behovet for arbeidskraft, økonomisk og demokratisk utvikling, handel, integrering, menneskerettar og samfunnstryggleik.

UDI sin årsrapport og Tal og fakta for 2005 presenterer migrasjonstrender med hovudvekt på norske forhold.

Blant anna kan du lese at:

  • Mengda arbeidsinnvandrarar auka med 26 prosent
  • 40 prosent av familieinnvandrarane har tilknyting til norske eller nordiske borgarar
  • Mengda asylsøkjarar fell markant i 2005 samanlikna med året før, men at det var ein auke i del kvinner som fekk opphald

Årsrapport 2005 skildrar i tillegg UDI sine arbeidsoppgåver og organisering, og gir ei oversikt over arbeidet til direktoratet på sentrale område i 2005.

Tal og fakta 2005 gir eit utfyllande bilete av utlendingsforvaltninga sitt arbeid i konkrete mengder, med hovudvekt på UDI sitt arbeid i 2005.

Begge publikasjonane er tilgjengelege på UDI sine internettsider i PDF-versjon. Nynorsk og engelsk utgåve foreligger i april.

Fleire eksemplar av Årsrapport og Tal og fakta 2005 blir bestilt på e-post (bestilling@udi.no) eller faks 23 35 15 08.

Pressespørsmål om innhaldet i dei to publikasjonane eller andre relaterte spørsmål kan rettast til pressetelefonen til UDI på 23 35 17 00 eller via e-post til presse@udi.no.

Generelle kommentarar og spørsmål vedrørande Årsrapport 2005 kan rettast til Kommunikasjons- og serviceavdelinga ved Jenny Bull Tuhus, telefon 236nbsp;356nbsp;15 57 eller via e-post til jbt@udi.no.

Spørsmål knytte til Tal og fakta 2005 kan rettast til Enheten for statistikk og analyse ved Eivind Hoffmann, telefon 23 35 18 60 eller via e-post til eho@udi.no.



Sist oppdatert: 02.01.2007
Publisert: 17.03.2006