Frode Forfang ny assisterande direktør i UDI
Frode Forfang (47) er tilsett som ny assisterande direktør i Utlendingsdirektoratet.
Han har sida leia UDI si avdeling for fagleg strategi og koordinering. Før det var han informasjonssjef i direktoratet. Han har også bakgrunn frå politikk, mellom anna som statssekretær for u-hjelpsministeren. Forfang har ein mastgrad i statsvitskap frå London School of Economics.
Forfang fungerte mellombels som assisterande direktør i UDI frå januar til mai 2006. Han fråtrødde denne fungeringa då han var ein av dei som blei kritiserte i den fyrste delen av granskingsrapporten i samband med den såkalla MUF-saka. I den endelege rapporten noko seinare slo granskingskommisjonen fast at det likevel ikkje var grunnlag for å rette kritikk mot Forfang.
- Med sin breie bakgrunn og kunnskap om utlendingsfeltet, er Forfang eit naturleg val som assisterande direktør, seier direktør Ida Børresen.
Sist oppdatert:
08.02.2007
Publisert:
08.02.2007