I alle 7400 personar, blant dei 2000 barn, budde i asylmottak ved utgangen av 2006. Ved inngangen av året var det om lag 9000 bebuarar i asylmottak.
- Det blir stadig færre bebuarar i asylmottak. Det heng saman med at det har vore ein generell nedgang i mengda asylsøkjarar dei siste åra og ein nedgang i mengda bebuarar som ventar på busetjing, seier direktør Ida Børresen.
Over halvparten av bebuarane i mottak ventar på uttransportering etter endeleg avslag, klagebehandling av asylsaka eller busetjing i ein kommune.
På grunn av færre bebuarar i asylmottak, er det i 2006 blitt lagt ned 10 asylmottak og rundt 1700 mottaksplassar. Ved utgangen av 2006 er det 66 asylmottak rundt om i landet.
Asylmottak er eit frivillig butilbod til asylsøkjarar som kjem til Noreg. Asylsøkjarar kan sjølv velje om dei vil nytte tilbodet om mottaksplass eller om dei vil bu utanfor asylmottak.