Helseleiing

Fakta om studiet

Etter- og videreutdanningskurs
EmnekodeHELED620
Studiepoeng20
Ressursar
TilhørerInstitutt for global helse og samfunnsmedisin

Tilgjengelige kurs

Høst 2014
Kursdato: 25.08.2014 - 28.02.2015
Pris: NOK 32500
Søknadsfrist: Frist utløpt.

Høst 2015
Kursdato: 24.08.2015 - 28.02.2016
Pris: NOK 32500
Søknadsfrist: 01.06.2015

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak: Kontor for etter- og vidareutdanning
Tlf. 55 58 20 40
E-post: post@evu.uib.no

For spørsmål om fagleg innhald: Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Administrativ ansvarlig Marit Rekk
Tlf: 55 58 89 57/ 55 58 61 00
E-post: marit.rekk@adm.uib.no

Beskrivelse

Kurset er eit frittståande vidareutdanningstilbod. Det inngår også som eit av tre emner i ein erfaringsbasert master i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi.

Målet med studiet er gje kunnskapar og ferdigheiter som er naudsynte for å vere leiar i helsesektoren. Studiet skal gje innsikt i:

  • Tilhøve som fremjer og hemmar god leiiing i helsevesenet.
  • Korleis organisasjonsteori kan nyttast som eit analyseverktøy i helsevesenet.
  • Sosialmedisinske grunnomgrep om helse og sjukdom i befolkninga
  • Prioriterings- og effektiviseringsutfordringar i det norske helsevesenet
  • Reformer som på ulike nivå i helsevesenet dannar rammer for god leiiing og organisering av den enkelte eining
  • Tilhøve som fremjer og hemmar læring i kunnskapsorganisasjonar.
  • Kommunikasjon på tvers av ulike profesjonsgrupper
  • Samhandling og endringsleiing

Målgruppe

Ein legg i dag aukande vekt på god leiing i helsevesenet. Formell leiarutdanning blir stadig viktigare når ein skal tilsette i ledige stillingar. Kurset er retta mot helsepersonell som legar, farmasøytar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, tannlegar ol. samt økonomar og samfunnsvitarar med yrkespraksis frå helsesektoren. Studiet høver for tilsette i spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, kommunehelsetenesta, legemiddelindustrien og i offentleg administrasjon.

Undervisning

Kurset er organisert som eit deltidsstudium med fire vekesamlingar over ein periode på om lag 6 månader frå august til januar. Førelesingar vert halde av lærebokforfattarar, fagansvarleg, forskarar og reflekterte praktikarar. Det blir lagt opp til e dialogisk arbeidsform, der deltakarane sine erfaringar blir aktivt brukt som ein ressurs i undervisinga.

Teoriar og omgrep frå pensum blir diskutert i plenum og i grupper med utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar. Individuelle oppgåver blir følgd opp med rettleiing og presentasjon for medstudentar. Studentane må sette av tid til sjølvstudiar mellom samlingane. Gjennom det nettbaserte støttesystemet "Min side" får studentane tilgang til aktuell litteratur, timeplanar og anna informasjonsmateriell.

Samlingene er obligatoriske og fråver på meir enn 20% blir ikkje godteke.

Samlingar i 2014/2015:

Samling 1: 25. - 29. august 2014

Samling 2: uke 40

Samling 3: uke 45

Samling 4: uke 4 2015

Eksamen: februar 2015.

Nytt opptak for 2015/2016, med søknadsfrist 1. juni 2015

Studiestart: 24. august 2015

1. samling: 24. - 28. august 2015
2. samling: 28. september - 02. oktober 2015
3. samling: 02. - 06. november 2015
4. samling: 25. - 29. januar 2016

Heimeeksamen: dato vert oppgitt seinare

Krav til datautstyr

Datamaskin med internettilgang og e-post.

Studiefinansiering

Godkjent for støtte frå Lånekassen.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Det blir forutsett at søkjaren dokumenterer minimum to års yrkespraksis frå helseteneste i Norge. Den teljande yrkespraksisen skal vere opptent etter oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande. CV og vitnemål må ettersendast Kontor for etter- og vidareutdanning.