Gå til innhold
English A A A
Emne KUN252

Fotografiet sin teori og historie med bacheloroppgåve

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår/Haust ¿ ikkje fast
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. I emnet presenterer og diskuterer vi ulike teoriar om fotografiet. Vi tar óg opp dei ulike brukskontekstane fotografiet har vore, og framleis er ein del av, både i privat og offentleg samanhang: til dømes i familiealbumet, på avissida, i reklame, i politisk retorikk og innafor den multimediale og sjangeroverskridande samtidskunsten.

Emnet skal gi innsikt i historia og teorien til fotografiet. Studentene skal kunne nærme seg fotografiske bilete som estetiske objekt og historiske dokument - og analysere enkeltbilete i ulike brukssamanhengar.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal studentane

  •  ha kunnskap om dei generelle utviklingslinene i fotografiet sin historie. Dei skal óg ha kunnskap om dei generelle bruksområda mediet har hatt sidan 1800-talet og fram til vår eiga tid.
  • kunne redegjere for dei teoretiske diskusjonane kring mediet sin eigenart og rolle i samfunnet, og kunne reflektere sjølvstendig kring desse spørsmåla.
  • Kunne redegjere for, og nytte eit større tilfang av analytiske og teoretiske omgrep
  • Kunne skrive lengre analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving
  • Ha røynsle i å arbeide sjølvstendig med eit kunsthistorisk materiale gjennom bacheloroppgåva

.

Undervisningssemester

Vår/Haust ¿ ikkje fast

Undervisningsspråk

Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Førelesingar: normalt om lag 12-14 dobbelttimar.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei bacheloroppgåve over eit tema innafor dei faglege rammene i emnet. Omfanget på oppgåva skal vere 4500-5000 ord.

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no