Gå til innhold
English A A A
Emne LAT303

Latin valemne (masternivå)

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår/haust etter behov
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Latin tekstpensum II: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til latinsk språk og litteratur, i første rekkje på område som ikkje blei valde på bachelornivå. Dette er eit fordjupingsstudium innafor eit avgrensa område av latinsk språk og litteratur. Det kan gjelde eit område som alt tidlegare har inngått i studiet (t.d. romersk poesi, historieskriving eller retorikk), ein ny periode (t.d. seinantikken, mellomalderen eller tidleg moderne tid), eller eit spesialfelt som epigrafikk eller paleografi.

LAT303 er eit valemne i mastergraden og kan dersom studenten ønskjer det bytast ut med eit teoretisk emne: LITTEHF eller LINGMET, eller med GRE101. Studenten melder seg då til eksamen i den respektive emnekoden og melder frå til instituttet om valgt emne.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal få oppøvd evna til å forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art. Det fører med seg meir omfattande lesing av sekundærlitteratur, og kan gjennom spesialiseringa førebu val av tema for mastergradsoppgåva.

Undervisningssemester

Vår/haust etter behov

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i latin ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisning og omfang

Undervisninga blir gitt i form av individuell rettleiing. Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen.

Vurderingsformer

Skuleeksamen 6 timar med ordbok.

Ordboka skal vere frå latin til morsmål eller frå latin til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Johanssen, Nygaard etc., Latinsk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.

 

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no