Patologi
Fakta om studiet
| Emnekode | MANT305A |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningsstart | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Kontakt
Mål og innhald
Overordna mål:
Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstander som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingar.
Innhald:
Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, revmatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelhet, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.
Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanlig primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten ha inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensialdiagnosar for denne sjukdomskategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorieanalysar. Studenten skal ha innsikt i systemiske tilstander som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte. Studenten skal ha kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk.
Undervisningssemester
Vår (fyrste semester)
Studienivå
Master
Undervisning og omfang
Undervisning i differensialdiagnostikk og laboratorieanalysar vert gjeven i form av førelesningar, gruppearbeid, sjølvstudium, og er direkte knytt til kliniske eksempel og tilstander. Hovudbolken av førelesingane er lagt opp som ei vekes intensivt kurs.
Obligatoriske arbeidskrav
Kurset er obligatorisk.
Vurderingsformer
Det vert halden ein 2-timers skriftlig eksamen på slutten av vekeskurset.
2 interne sensorar
Karakterskala
Karakterskala A - F
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Læremiddelomtale
Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane.