Injeksjonskurs for manuellterapeuter (etter- og videreutdanning)
Fakta om studiet
| Emnekode | MANTINJ663 |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for global helse og samfunnsmedisin |
Tilgjengelige kurs
Kontakt
Kontakt
Kontor for etter- og vidareutdanning
Tlf: 55 58 20 40
E-post: post@evu.uib.no
Viktig informasjon
Neste kurs blir arrangert 15. -19. juni 2015
EVU-søknadsweb er open frå 1.januar 2015 til 8. april 2015
Det vil verte loddtrekning mellom dei som har søkt i denne perioden.
Beskrivelse
Injeksjonar i muskelskjelettapparatet til bruk ved diagnostikk og smertebehandling vil vere eit nyttig supplement for manuellterapeutar som har primærkontaktstatus. Manuellterapeutar arbeider hovudsakleg i kommunehelsetenesta og kompetanseheving blant manuellterapeutane i bruk av injeksjonar vil avlaste fastlegane og spesialisthelsetenesta. Kurset vil også vere ein introduksjon til bruk av diagnostisk ultralyd.
Målgruppe
Manuellterapeutar med primærkontaktstatus
Mål og innhold
Det blir forventa at deltakarane etter endt kurs med bestått eksamen kunne gje injeksjonar i muskelskjelettapparatet på sjølvstendig grunnlag. Vidare skal kursdeltakarane kunne:
- Gjennomføre klinisk undersøking som sikrar eit godt grunnlag for å påvise tilstandar som kan eigne seg for smertebehandling eller diagnostisk injeksjon av lokalbedøving
- Identifisere anatomiske landemerker og strukturar naudsynte for korrekt og sikker injeksjon
- Vere kjent med diagnostisk ultralyd som verkty for identifisering av anatomiske
strukturar samt for ultralydstyrt injeksjon
- Ha naudsynt kunnskap om relevant farmakologi, herunder virkning/bivirkningar/dosering
5. Kjenne til naudprosedyrer og kunne utføre adekvat førstehjelp
Litteratur:
1) Stephanie Saunders & Steve Longworth:
Injection techniques in musculoskelateal medicine. A practical manual for clinicians in primary and secondary care. 4th edition. ISBN: 978 0 7020 3565 4
2) Jon A Jacobsen:
Fundamentals of musculoskeletal ultrasound. 2nd edition. ISBN: 978 1 4557 3818 2 (pbk.)
3) Retningslinjer for bruk av injeksjoner for manuellterapeuter (blir utlevert på kurset)
Undervisning
Undervising i farmakologi, herunder virkningar, bivirkningar og dosering. Hygieniske tiltak ved bruk av injeksjonar blir gjennomgått. Patologiske tilstandar som eignar seg for injeksjonsbehandling og strukturar som eignar seg for bruk av diagnostiske injeksjonar blir presentert. Demonstrasjon av injeksjonar i dei viktigste anatomiske strukturane eigna for injeksjonsbehandling på over- og underekstremitetar. Dette blir også vist ved bruk av anatomiske ultralydfremstillingar. Trening i førstehjelp og naudprosedyrer som er gjeldande ved bruk av lokalinjeksjonar.
Det blir sett av god tid til praktisk trening på injeksjonar. Deltakarane må delta som modellar for kvarandre
Vurdering / eksamen
Vurderinga er todelt:
1) Praktisk: Kandidaten må gjennomføre og få godkjent 10 injeksjonar av lege ved kurset
2) Fleirvalstest: Det blir sett av 2 timar på slutten av kurset.
Karakterreglar:
60% eller meir korrekt besvarelse: Bestått
Mindre enn 60% korrekt besvarelse: Ikkje bestått