Mål og innhald
Målet er å gje studentane eit oversyn over analysenivå og perspektiv i psykologi, medrekna det biologiske/evolusjonære perspektivet, det kognitive perspektivet og det sosiale/kulturelle perspektivet.
Emnet skal gje studentane innsikt i desse historisk sett viktige forskingstradisjonane i psykologifaget. Desse vil bli gjort greie for og drøfta med vekt på i) relevans for dagens psykologiske forsking, ii) integrasjon av perspektiv og forklaringsnivå, og iii) samfunnsrelevans.
Emnet har som mål å gje ei vidarekomande innsikt i psykologi som vitskap, gje eit oversyn over ulike forskingsdisiplinar innan faget og gje ei fordjuping i det vitskapsteoretiske fundamentet for psykologifaget.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap.
Etter fullført emne skal studenten:
- Ha inngåande kunnskap om sentrale perspektiv i psykologi.
- Ha inngåande kunnskap om forutsetningane i hovudtilnærmingane til psykologien: biologi/evolusjon, kognisjon og sosial/kultur.
- Ha kunnskap om ulike analysenivå og korleis desse kan hengje saman.
- Ha kunnskap om korleis dei vitskapsteoretiske forutsetningane for psykologien påverkar forsking og praksis.
Dugleik.
Etter fullført emne skal studenten:
- Kunne identifisere kva for perspektiv og analysenivå som ligg til grunn for psykologiske tekstar og forskingsarbeid.
- Kunne drøfte likskapar og skilnader i ulike psykologiske perspektiv.
- Kunne nytte ulike perspektiv for analyse av psykologiske problemstillingar.
- Kunne greie ut om implikasjonar av valt perspektiv for forsking og praksis.
Generell kompetanse.
Etter fullført emne skal studenten:
- Ha ei brei forståing av kva som kjenneteiknar psykologi som vitskapleg disiplin og som praksisfelt.
- Kunne reflektere over relevansen ved ulike perspektiv og analysenivå i forsking og praksis.
- Kunne identifisere og reflektere over dei ulike menneskesyna som kjem til uttrykk i ulike psykologiske perspektiv.
Undervisningssemester
Haust
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i psykologi.
Undervisning og omfang
- Førelesingar, totalt 18 timar.
- 3 seminar à 3 timar med studentaktivitet.
- 1 individuell oppgåve med tilbakemelding frå medstudentar.
- 1 gruppeoppgåve med tilbakemelding frå medstudentar og lærar/seminarleiar.
Obligatoriske arbeidskrav
Innlevering og godkjenning av 2 oppgåver. Godkjennes av faglærar.
Vurderingsformer
Skuleeksamen (4 timar) Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.
Læremiddelomtale
Tilrådd litteratur utgjer utvalde originalartiklar og lærebøker av eit omfang på omtrent 1000 sider.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.