Nordisk: Litteratur etter 1900 (Fjernord)
Fakta om studiet
| Emnekode | NOLI102-F |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingsspråk | Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad. |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Tilgjengelige kurs
Kursdato: 18.08.2014 - 02.12.2014
Pris: Ikke fastsatt
Søknadsfrist: Frist utløpt.
Kontakt
Kontakt
Spørsmål om søknad og opptak:
Kontor for etter- og vidareutdanning, tlf: 55 58 20 40, e-post: post@evu.uib.no
Faglege spørsmål:
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, e-post: fjernord@uib.no
Beskrivelse
Emnet Nordisk: Litteratur etter 1900 skal gi studentane god kjennskap til sentrale norske og nordiske tekstar og forfattarskap på 1900-talet.
Emnet kan takast for å styrkje kompetansen i moderne nordisk litteratur, eller inngå som eitt av fire emne i det toårige deltidsstudiet i nordisk språk og litteratur - Fjernord.
Nordisk: Litteratur etter 1900 er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå 1900 og fram til i dag. Ein les tekstane ved hjelp av både eit litteraturhistorisk og eit sjangerteoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer omtrent halve emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.
For meir informasjon, sjå emnebeskrivelsen for NOLI102-F Nordisk: Litteratur etter 1900
Målgruppe
Emnet skal saman med Nordisk: Den eldre litteraturen gi studentane eit felles utgangspunkt som dannar grunnstammen i det litterære nordiskstudiet, og som er nødvendig for norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre med yrke der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav. Viss du tek alle fire emna i Fjernord, får du kompetanse til å undervise i norsk i skulen.
Undervisning
Nordisk: Litteratur etter 1900 er eit deltidsstudium (50 % studieprogresjon) som går over eitt semester. Ein tilbyr normalt undervising i emnet i haustsemesteret annakvart år i partalsår (hausten 2014, hausten 2016 osv.), med atterhald om tilgjengelege undervisningsressursar.
Hovudtyngda av undervisninga er basert på elektroniske læringsressursar og kommunikasjon via Internett. Nettstudiet blir supplert med ei studiesamling på ca. 15 timar. Studiesamlinga er lagd opp som ei helgesamling i Bergen, normalt lagd til månadsskiftet september/oktober.
Vurdering / eksamen
Eksamenen er ein skriftleg skuleeksamen på seks timar. Eksamenen kan etter avtale arrangerast lokalt. Sjå emnebeskrivelsen for meir informasjon om obligatorisk aktivitet og vurderingsforma på emnet.
Skuleeksamen for inneverande semester er tysdag 2. desember 2014 kl. 09.00-15.00.
Krav til datautstyr
Datamaskin med internettilgang og e-post.
Opptaks- og forkunnskapskrav
Søkjarar over 25 år blir tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse
Prisinformasjon
Det er inga kursavgift på dette emnet. Studentane betaler berre semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen.