Eldre teaterhistorie

Fakta om studiet

EmnekodeTEAT111
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Formålet med emnet er å gi ei grunnleggjande forståing av teatret si historie. Studentane skal verta kjende med den eldre europeiske teaterhistoria frå antikken og fram til slutten av 1700-talet. Studentane skal og verta kjende med dei grunnleggjande fagdidaktiske problemstillingane i teatervitskap.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal studentane ha tilegna seg eit grunnleggjande oversyn over den eldre teaterhistoria frå antikken og fram til slutten av 1700-tallet. Studentane skal kunne forstå og gjere greie for samanhengar i den teaterhistoriske utviklinga og mellom det historiske og nåtida sitt teater.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande. Det er òg mogeleg å søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Pensum omfattar ein god del framandspråkleg litteratur, og det er ein føremon om studentane har språkkunnskap som svarer til A-språk (engelsk) frå språklinja.

Undervisning og omfang

Undervisninga vert lagt opp som forelesningar.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal delta på eitt innføringskurs i oppgåveskriving på to timar, skrive ein disposisjon til ei oppgåve og møte til ei individuell rettleiing på disposisjonen til øvingsoppgåva.

Disposisjonen til øvingsoppgåva skal vere på 1-2 sider, og skal leverast til fastsett frist.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på seks timar. Det er ein føresetnad for å få gå opp til eksamen at den obligatoriske øvingsoppgåva er levert og godkjend av faglærar.

Karakterskala

Det vert nytta ein karakterskala frå A - F. Der E er siste ståkarakter.

Læremiddelomtale

Emnet har eit pensum på om lag 1000 tekstsider.

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.