Masterprogram i historie
Programmet tilbys av
Oppstart
Haust.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i historie. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Mål og innhald
Mastergradsstudiet skal gi studentane djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid.
Mastergradsstudiet i historie er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng, og eit sjølvstendig forskingsarbeid (HIS350 mastergradsoppgåve i historie) på 60 studiepoeng.
Emna i kursdelen gjev innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem samt aktuelle teknikkar. Kursdelen gjev startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve ved kritisk analyse av sentral litteratur innafor relevante forskingsfelt. Nokre emne vektlegg forholdet mellom samfunn og historiefaget og korleis ulike samfunnsoppfatningar har prega historieforskinga. Andre emne i kursdelen gjev innføring i historisk teori og metode, der det blir sett fokus på avgrensing, klargjering og analyse av forskingslitteratur/kjelder. Emna i kursdelen er strukturert og organisert slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva.
Oppgåveskriving, dokumentasjon og diskusjon er ein sentral del ved alle emna i kursdelen. Dette skal gje grunnlag for at masteroppgåva kan bli eit sjølvstendig, vitskapleg, veldokumentert og nyskapande forskingsresultat.
Den organisastoriske og faglege ramma for både kursdelen og masteroppgåva er masterseminara for historie. Masterseminara er kronologisk og tematisk inndelt og organiserer alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper med faste møteplanar.
Mål og innhald
Masterprogrammet skal gi deg djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innanfor historieforskinga. Det skal også gi deg ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i eige vitskapleg arbeid.
Fagleg profil
Det er til ei kvar tid ulike prosjekt ved instituttet som du kan knyte deg til. Du vil på denne måten delta i den forskinga som skjer i fagmiljøet. Det betyr også at undervisninga som du får tilbod om er forskingsbasert. Sjølv om mange knyter seg til prosjekt, er vi fleksible dersom du sjølv presenterer eigne prosjekt. Det er eit vilkår at prosjektet kan gjennomførast, og at tilsette ved instituttet har særleg kompetanse på området.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Det vil vere gode høve for utanlandsopphald, og vi er innstilte på å finne fleksible ordningar for deg som vil reise ut. Emna i kursdelen er strukturerte slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva. Dei gir innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem og aktuelle teknikkar. Val av emne varierer etter kva tema som blir valt for masteroppgåva. Kvart semester tilbyr vi fleire ulike masterseminar som speglar tidsperiodar og forskingsfelt ved instituttet.
1. semester
- HIS 301 - Historisk forskingslitteratur (15sp) (obligatorisk emne)
- HIS 302 - Historisk teori og metode eller (15sp)
2. semester
- HIS 303 - Forskingsproblem og kjeldearbeid (15sp) (obligatorisk emne)
- Enten emnet HIS 304 - Teknikkar i historiefaget (15sp) eller emnet HIS308 - Historieformidling (15 sp)
3. og 4. semester
HIS 350 - Masteroppgåve (60 sp)
sp= studiepoeng
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på studium av historiske kjelder og/eller historisk forskingslitteratur. Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi deg djupare innsikt i teori og metode innanfor historieforsking. Ho skal også gi deg ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, i tillegg til innføring i eige vitskapleg arbeid. Alle masterstudentar ved instituttet har rett til individuell rettleiing. Du får tildelt ein rettleiar tidleg i det første semesteret. Rettleiaren vil vere ein vitskapleg tilsett i historie.
Metode
Forskingsmetodane innanfor historiefaget er mangfaldige og varierte, avhengig av problemstillingar, kjeldemateriale og teoretisk tilnærming. Instituttet ønskjer å leggje til rette for at du skal kunne tileigne deg kompetanse innanfor ulike metodar tilpassa ditt eige forskingsprosjekt.
Oppstart
Haust.
Opptakskrav
Mastergrad i historie byggjer på oppnådd bachelorgrad (180 studiepoeng) med 90 studiepoeng spesialisering i historie, eller tilsvarande. Studentar som har oppnådd bachelorgrad med ei anna spesialisering enn historie, kan søkje om særskilt opptak til mastergradsstudiet.
Hovudopptaket til masterprogrammet i historie er i haustsemesteret (søknadsfrist 15. april for start i august). Dersom det er suppleringsopptak til vårsemesteret er søknadsfristen 1. november for start i januar. Sjå meir informasjon om søknadsprosedyre og fristar på UiB sine utdanningssider.
http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i historie på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i historie, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.
Kven kan søkje
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:
http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet
Poenggrense ved siste opptak
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå http://link.uib.no/?1QO0l for meir om opptakskrav.
Delstudium i utlandet
Instituttet rår til at studentar som ynskjer utanlandsopphald i samband med mastergrads-studiet, gjennomfører dette i det andre semesteret. Innpassing av instituttet sitt undervisnings-tilbod, emne frå andre fag/institusjonar eller utanlandsopphald vil kunne gjere det naturleg å endre på den tilrådde studieprogresjonen.
Meir infomasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no/ 55 58 23 09
Mål og innhald
Mastergradsstudiet skal gi studentane djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid.
Mastergradsstudiet i historie er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng, og eit sjølvstendig forskingsarbeid (HIS350 mastergradsoppgåve i historie) på 60 studiepoeng.
Emna i kursdelen gjev innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem samt aktuelle teknikkar. Kursdelen gjev startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve ved kritisk analyse av sentral litteratur innafor relevante forskingsfelt. Nokre emne vektlegg forholdet mellom samfunn og historiefaget og korleis ulike samfunnsoppfatningar har prega historieforskinga. Andre emne i kursdelen gjev innføring i historisk teori og metode, der det blir sett fokus på avgrensing, klargjering og analyse av forskingslitteratur/kjelder. Emna i kursdelen er strukturert og organisert slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva.
Oppgåveskriving, dokumentasjon og diskusjon er ein sentral del ved alle emna i kursdelen. Dette skal gje grunnlag for at masteroppgåva kan bli eit sjølvstendig, vitskapleg, veldokumentert og nyskapande forskingsresultat.
Den organisastoriske og faglege ramma for både kursdelen og masteroppgåva er masterseminara for historie. Masterseminara er kronologisk og tematisk inndelt og organiserer alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper med faste møteplanar.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Kandidaten har avansert kunnskap innanfor sitt forskningsfelt, og spesialisert innsikt i temaet som er gjenstand for masteroppgåva. Ved fullført mastergrad er kandidaten ein fagekspert innan sitt forskingsfelt. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har kandidaten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar, historiefagets plass i samfunnet, samt ei solid forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy. Kandidaten kan anvende sin kunnskap på nye område av historiefaget.
Ferdigheiter:
Kandidaten kan forholde seg kritisk til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og kan bruke fagets teori, metodar og teknikkar i sjølvstendig løysing av historiske problem. Kandidaten kan analysere og forholde seg kritisk til ulike kjelder, avgrense saksforhold på basis av store informasjonsmengder og dokumentere sine funn i tråd med faglege krav og standardar. Kandidaten kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
Kandidaten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.
Generell kompetanse:
Kandidaten er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere komplekse saksbilete, syntetisere relevant informasjon samt å grunngje eigne slutningar. Gjennom arbeidet med eit sjølvstendig forskingsarbeid har kandidaten vist evne til å problematisere og reflektere kring omgrep, kunnskap, teori og metode på ein forskingsetisk forsvarleg måte. Kandidaten har òg kompetanse i vitskapleg diskusjon og kommunikasjon, både skriftleg og munnleg, og kan gjere kompliserte saksforhold forståeleg for eit breiare publikum.
Opptakskrav
Mastergrad i historie byggjer på oppnådd bachelorgrad (180 studiepoeng) med 90 studiepoeng spesialisering i historie, eller tilsvarande. Studentar som har oppnådd bachelorgrad med ei anna spesialisering enn historie, kan søkje om særskilt opptak til mastergradsstudiet.
Hovudopptaket til masterprogrammet i historie er i haustsemesteret (søknadsfrist 15. april for start i august). Dersom det er suppleringsopptak til vårsemesteret er søknadsfristen 1. november for start i januar. Sjå meir informasjon om søknadsprosedyre og fristar på UiB sine utdanningssider.
http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i historie på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i historie, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.
Obligatoriske emne
AAv dei fire emna som utgjer kursdelen i masterstudium i historie, er følgjande to emne obligatoriske i kursdelen: HIS301 Historisk forskingslitteratur og HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid. HIS350 Masteroppgåve i historie er obligatorisk i studiet.
For studentar som er teke opp på masterprogrammet via Høgskulen i Bergen (mastergradsstudium i historie med samfunnsdidaktikk), er emna HIS305 Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling og HIS306 Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk, obligatoriske emne i kursdelen.
Tilrådde valemne
Følgjande valemne blir tilbydd ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR):
HIS302 Historisk teori og metode
HIS304 Teknikkar i historiefaget
HIS307 Fordjupning i historie (Særskild suppleringsemne) (5 stp)
HIS308 Historieformidling
HIS309 Historikarens arbeidsmåtar
Instituttet tilrår sterkt å la HIS302 inngå i masterstudiet. HIS304 kan bytast ut med reiskapsemne frå andre fag/institusjonar, som til dømes språk, statistikk og intervjuteknikk. Val må skje i samråd med rettleiar og etter søknad til instituttet. Dersom eit erstatningsemne for HIS304 ikkje oppfyller kravet til 15 studiepoeng, kan manglande studiekrav supplerast med emnet HIS307. HIS307 er ikkje eit ordinært emne, men eit suppleringsemne (5 stp).
I byrjinga av studiet vel studentane i samråd med rettleiar kva masterseminar dei bør delta på.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva kan ha ei lengd på mellom 80-110 sider og arbeidet med masteroppgåva er normert til to semester
Rekkefølgje for emne i studiet
Instituttet tilrår følgjande studieprogresjon:
- semester: Det obligatoriske emnet HIS301 Historisk forskingslitteratur og valemnet HIS302 Historisk teori og metode.
- semester: Det obligatoriske emnet HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid og eit av valemna HIS304 Teknikkar i historiefaget, HIS308 Historieformidling eller HIS309 Historikarens arbeidsmåtar.
- semester: HIS350 Masteroppgåve i historie.
- semester: HIS350 Masteroppgåve i historie.
Kursdelen skal normalt vere gjennomført før studenten kan levere masteroppgåva (HIS350).
Krav til progresjon i studiet
Ei rettleiingsavtale for mastergradstudiet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) gjer greie for rettar og plikter for student, rettleiar og institutt. Avtalen skal underskrivast i første semester.
Delstudium i utlandet
Instituttet rår til at studentar som ynskjer utanlandsopphald i samband med mastergrads-studiet, gjennomfører dette i det andre semesteret. Innpassing av instituttet sitt undervisnings-tilbod, emne frå andre fag/institusjonar eller utanlandsopphald vil kunne gjere det naturleg å endre på den tilrådde studieprogresjonen.
Undervisningsmetodar
Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets mål, organisering og innhald. På masterprogrammet har ein derfor ulike metodar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, med særskild vekt på seminarundervisning (masterseminar).
Vurderingsformer
Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Det vert nytta ulike typar skriftlege og munnlege eksamensformar (skuleeksamen, semesteroppgåver, munnleg prove, masteroppgåve). Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne. Sjå emneomtalane for nærare omtale av dei enkelte emnas eksamensform.
Karakterskala
Ved fastsetjing av karakterane vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk, eller greidd/ikkje greidd.
Grunnlag for videre studium
Mastergrad i historie kan gi kompetanse for vidare studium på ph.d.-nivå.
Relevans for arbeidsliv
Masterprogrammet kvalifiserer for stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefagets forskingsmetodar er relevante. Masterutdanninga har likevel verdi langt utover spesialkunnskapar i eit bestemt historiefaglig felt. Masterprogrammet opnar for karriere innan skuleverket, museum, offentlege og private arkiv, kulturinstitusjonar, media, offentleg og privat forvaltning.
Studiet gjev, gjennom grundig skolering i kjeldekritikk, studentane ei svært god øving i tolking av tekst. Arbeidet med større vitskapelege oppgåver, gjev studentane ei sterk generell skolering i problemløysing, knytte til innsamling, bearbeiding og presentasjon av store mengder informasjon, og bruken av denne informasjonsmengda til å svare på konkrete spørsmål. I løpet av masterstudiet tileignar mange seg også kunnskapar i hjelpedisiplinar som statistikk, EDB, framandspråk eller intervjuteknikk, og tek i bruk metodar og teoriar frå andre samfunnsfag som antropologi, sosiologi, statsvitskap eller økonomi.
Arbeidssøkjarar med master i historie vil derfor være særleg vel
kvalifiserte i yrker kor søk, bearbeiding og systematisering av informasjon og analytisk klar presentasjon står sentralt. Ein historisk-metodisk tilnærming og historiefaglige perspektiv kan ofte bidra til innsikter på dagsaktuelle problemfelt som samtidsorienterte analyseteknikkar ikkje kan gi aleine. Faget har tradisjon for kommunikasjon med eit breitt publikum og ein høg språkleg formidlingsstandard.
Evaluering
Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrings¬system.
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Adminstrativt ansvarleg
studierettleiar@ahkr.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Masterprogram i historie - kursdel | ||||||||||||
| Masterprogram i historie - obligatoriske emner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| HIS301 | Historisk forskingslitteratur | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| HIS303 | Historie: Forskingsproblem og kjeldearbeid | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i historie - valgfrie emner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Vel minst to emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS302 | Historisk teori og metode | 15 | 1-4 | 1 | ||||||||
| HIS304 | Teknikkar i historiefaget | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| HIS305 | Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling (Samfunnsfagdidaktikk) | - | 1-4 | 2 | ||||||||
| HIS306 | Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling (Samfunnsdidaktikk II) | - | 1-4 | 2 | ||||||||
| HIS308 | Historieformidling | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| HIS309 | Historikarens arbeidsmåtar | 15 | 1-4 | 2 | ||||||||
| Masterprogram i historie - oppgave (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| HIS350 | Historie mastergradsoppgåve | 60 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Masterprogram i historie - veiledningskontrakt | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Veiledningsavtale for masterstudenter i historie | - | - | ||||||||||