Parkering ved UiO
Det er berre tillate å parkere på oppmerka plassar med rett parkeringsbevis eller på plassar med betalingsautomat.
Det er få parkeringsplassar på Blindern, i Oslo sentrum og på dei andre stadane UiO held til. UiO anbefaler difor gjestar, studentar og tilsette å reise kollektivt til UiO. Du kjem til Blindern med T-bane, trikk og buss.
Kart over parkeringsplassar på Blindern. A=parkering for tilsette med A-oblat. S=parkering for studentar med S-oblat. B= Betalt parkering. EL= Plassar for EL-bil. Det finst nokre reserverte plassar for besøkande samt personer som er tildelt R-oblat. Studentparkeringa (S) har plassar for betaling.
I tillegg finst det A-plassar i parkeringsgarasjar i Ole-Johan Dahls hus og Domus Medica tilbygg.
Rett parkeringsbevis
- For å kunne parkere på UiO, må du ha oblat eller parkeringskort synleg festa i frontruta, eller nytte plassar med betalingsautomatar.
- Parkeringsløyvet følgjer køyretøyet. Køyretøyet kan berre ha oblat eller løyve for ei gruppe.
- Dersom du parkerar utan rett parkeringsbevis i tidsrommet 08.00-16.00 frå mandag til fredag, vil du få parkeringsgebyr. Les parkeringsreglementet.
- Du må skifte ut oblaten kvart andre år. Frist for utskiftning er 15. februar.
Studentar
- Som registrert student kan du få S-oblat, og har då rett til å parkere på plassane som er skilta med S.
- Oblat for studentar får du på SiO-senteret i Kristian Ottosens hus, Blindern. Du må vise gyldig studentlegitimasjon for våren 2015.
- Du må skifte ut oblaten kvart år. Frist for utskiftning er 15. februar.
Gjestar
- Det er parkeringsplassar med betalingsautomatar på studentparkeringa ved Frederikke-bygningen. Det kostar 12 kroner per time (2015).
- Dersom du skal vitje ei eining eller ein tilsett ved UiO, kan du få B-kort, eit parkeringsbevis med kortvarig gyldigheit. Kortet blir skrive ut av den eininga du er gjest hos. Kvar og kor lenge du er gjest, blir skrive på kortet (maksimalt ei veke). Kortet legg du synleg i frontruta.
- Bilar med B-kort kan parkere på A-, R- og S-plassane.
Entreprenørar, handverkarar, servicefirma o.l.
- Parkeringskort merka "E" får du hos områdekontoret i det aktuelle området eller hos Budsentralen i underetasjen i Lucy Smiths hus.
- Bilar med E-løyve kan parkere på A-, E- og S-plassar.
Tilsette
- Tilsette må ha oblat for å kunne parkere på parkeringsplassane.
Betalingsautomat
- Studentparkeringa på Blindern har 26 parkeringsplassar med betalingsautomat (merka "S" på kartet over). Du må betale for å parkere i kjernetida mellom klokka 08.00 og 16.00. Det kostar 12 kroner per time (2015).
- Parkeringsplassen ved Vikingskipshuset på Bygdøy har betalingsautomat.
Varelevering
- Kortvarig stans for av- og påstiging og for å lesse på og av kan gjerast der skiltinga tillét det.
Sykkelparkering
- Du finn stativ til sykkelparkering ved inngangen til dei fleste bygg.
- Sykkelparkering er berre tillate i desse stativa.
Moped- og motorsykkelparkering
Mopeder og motorsykler kan stå utenfor oppmerkede plasser, så lenge de ikke står til hinder for allmenn ferdsel. Det er ikke lov å parkere på grøntarealene.
Handicap-parkering
- Parkeringsplassar for funksjonshemma er merka med handikap-symbol og gjeld for funksjonshemma med kommunalt parkeringsløyve.
Ladestasjonar for el-bilar
UiO har fleire ladestasjonar for el-bilar. Sjå oversikt