Kva er realkompetanse?
Behandling av søknader på grunnlag av realkompetanse skjer i samsvar med rundskriv F-55-00 frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (18.12.2000) om Endring av lov om universiteter og høgskoler om opptak, privatistadgang og fritak for del av studium på grunnlag av realkompetanse, samt fastsetting av undervisningsterminer, og § 3-1 i forskrift om opptak til universiteter og høyskoler.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonsrøysle eller på anna vis.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse og som fyller 25 år eller meir i opptaksåret, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Dersom studiet har spesielle opptakskrav må desse også oppfyllast.
Kvar enkelt lærestad avgjer sjølv kva som gir realkompetanse til sine studium. Same type studium kan difor ha ulike krav til realkompetanse, slik at vurdering ved ein lærestad ikkje gjeld ved andre lærestader. Godkjent realkompetanse er ein alternativ måte å kvalifisere seg for opptak til eit studium. Sjølve studiet og krav til arbeidsinnsats er likt for alle studentar uavhengig av opptaksgrunnlag.
Realkompetanseopptak til studieprogram
Frist for å søkje på studieprogram ved Universitetet i Oslo gjennom Samordna opptak er 1. mars for realkompetansesøkjarar. Du søkjer gjennom Samordna Opptak, og sender inn dokumentasjon etter prosedyrane i det samordna opptaket.
Realkompetanseopptak til exphil og andre enkeltemne ved UiO
Realkompetansesøkjarar kan og søkje opptak til enkeltemne med ledig kapasitet.
Korleis vurderar og rangerar UiO realkompetansesøkjarar?
For å bli kvalifisert på grunnlag av realkompetanse, må visse krav vera innfridde. Krava gjeld både for søknad om opptak til studieprogram, og for søknad om opptak til exphil og andre enkeltemne.
Sjølv om du vert funnen kvalifisert for opptak til eit studieprogram på grunnlag av realkompetanse, vil ikkje dette automatisk gje tilbod om studieplass. Dei fleste studia ved UiO er for tida åtgangsregulerte. Rangering av realkompetansesøkjarar skjer i samsvar med § 7-20 i forskrift om opptak til universiteter og høyskoler. I § 7-20 står det at ”kvalifiserte søkere som ikke kan poengberegnes, må rangeres i forhold til poengberegnede søkere ved hjelp av en skjønnsmessig vurdering. For å få tilbud om opptak kreves det likeverdige ferdigheter og kunnskaper med søkere som får tilbud om opptak etter rangering på grunnlag av poengberegning.”
Ved rangering vert det lagt vekt på følgjande, i prioritert rekkefølgje:
- Dokumenterte kunnskapar og kvalifikasjonar, inkludert kunnskapar i norsk, engelsk og ev. andre fag
- Omfang og relevans av praksis
- Motivasjon for å søkje studiet
Les meir om krava til realkompetansesøkjarar. |