Hopp til innholdMeny

Eksamensresultat

Eksamensresultat finn du i StudentWeb under Mine resultat. Resultatet skal vere klart 15 arbeidsdagar etter eksamensdato.

Grunngiving av karakter

Du har rett til å få ei grunngiving for karakteren din. Vi anbefaler deg å be om dette før du eventuelt leverer ein klage. Du kontaktar faglærar for å få grunngiving. Faglærar bestemmer om grunngivinga blir gitt munnleg eller skriftleg.

Ved munnleg eksamen må krav om grunngiving settast fram rett etter at karakteren blir gjort kjend. Ved andre eksamensformer må kravet settast fram innan ei veke frå karakteren vart gjort kjend.

Klage på karakter

Du kan levere ein skriftleg klage innan 3 veker etter at karakteren vart gjort kjend. Ved gruppeeksamen med samla vurdering må alle i gruppa signere klagen. Du brukar skjemaet "klage på sensur". 

Det er ikkje mogleg å klage på karakteren etter ny sensur, og denne karakteren blir den gjeldande.

Karaktersystem

Den nasjonale karakterskalaen blir brukt av alle norske universitet og høgskular.

A = framifrå. Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Kandidaten viser stor grad av sjølvstende.

B = mykje god. Mykje god prestasjon som ligg over gjennomsnittet. Kandidaten viser evne til sjølvstende.

C = god. Gjennomsnittleg prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste område. 

D = nokså god. Prestasjon under gjennomsnittet, med ein del vesentlege manglar.

E = tilstrekkeleg. Prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir.

F = ikke greidd. Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava