Økonomi og administrasjon
Med bachelor i økonomi og administrasjon får du ei yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.
Studieinnhald
Studiet gir deg ein brei økonomisk-administrativ kompetanse.
Du lærer om
- økonomistyring, rekneskap og analyse
- leiing og strategi, med fokus på leiarrolla
- marknadsføring
- samfunnsøkonomi
- forretningsjus
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesningar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiing.
Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle og relevante problemstillingar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Dersom du har årsstudium i bedriftsøkonomi frå HiSF, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker då gjennom SøknadsWeb.
Veit du at rett før studiestart kan du delta på forkurs i matematikk, for å friske opp mattekunnskapane dine?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: 38,0. Kvote for førstegangsvitnemål: 35,8
- Studiekode:
- 216 369
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015