Hopp til innholdMeny

Barnevern

Ønsker du å hjelpe barn og ungdom som opplever ein vanskeleg kvardag? Bachelor i barnevern har fokus på familiesituasjonen og nærmiljøet til barn og unge. Som barnevernspedagog kan du bidra til å gi unge menneske ein betre oppvekst.

Møt ein student og ein lærar på barnevernutdanninga.

Studieinnhald

Barn og unge sine behov og vilkår for utvikling er sentralt i studiet.

Du lærer

  • å vere bevisst på sider ved samfunnet som påverkar livet til barn og unge
  • å kommunisere og samhandle med barn, familie og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og bruke ulike aktivitetar og hjelpetiltak

Du har tverrfaglege emne som inneheld faga psykologi, jus, sosialpedagogisk arbeid med barn og unge, samfunnsfag, sosialpedagogikk og pedagogikk.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, seminar, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Du har praksis heile vårsemesteret i 2. studieår. 

Veit du at du kan ta emnet Global Knowledge, og ha praksis i Zambia?

Les om Global Knowledge

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Krav om politiattest
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 38,2. Kvote for førstegangsvitnemål: 34,2
Studiekode:
216 070
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak