Hopp til innholdMeny

Bedriftsøkonomi

Årsstudium i bedriftsøkonomi kan brukast som start på eit utdanningsløp, eller påfyll i den jobben du har. Økonomisk og administrativ kompetanse er nyttig i mange jobbar.

Oversiktbilde over høgskulebiblioteket
Som student ved HiSF har du tilgang til flotte læringsfasilitetar.

Studieinnhald

Du får grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter innan fagområda bedriftsøkonomi, rekneskap, samfunnsøkonomi, organisasjonskunnskap og marknadsstrategi.

Du lærer å

  • gjennomføre enkle analyser innan dei ulike fagområda
  • vurdere bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske konsekvensar av ulike val og handlingar
  • forstå korleis organisasjonar fungerer

Studiet utgjer første år i bachelor i økonomi og administrasjon. 

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, sjølvstudium og oppgåveløysing. Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle problemstillingar.

Veit du at rett før studiestart kan du delta på forkurs i matematikk, for å friske opp mattekunnskapane dine?

Les om forkurset

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Årsstudium
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 42,8. Kvote for førstegangsvitnemål: 34,7
Studiekode:
216 164
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak