Databasar
Som tilsett eller student har du tilgang til ei rekkje store forskingsdatabasar. For å få opp basane og innhaldet der må ein logge seg på datanettverket til HiSF - eventuelt via VPN for oppkopling utanfrå. På denne sida har me lista opp alle databasar som kan vera relevante.
Sjå også biblioteket si side for korleis finne ulike ressursar.
- Academic Search Premier
Academic Search Premier er ein stor tverrfagleg database (4.500 tidsskrift) dei fleste er fagfellevurdert. Fulltekst, men ver obs på embargo i denne basen!
- Acronym - The Internet Acronym Server
Oppslagsverk for akronym - som er ord laga av forbokstavene av eit lenger ord/ namn, til dømes NATO.
- Allkunne
Nynorsk kulturhistorie.
- AMED (Allied and Complementary Medicine)
Alternativ medisin, fysioterapi, ergoterapi, rehabilitering, pediatri, tale- og språkterapi og palliativ pleie. Database frå Ovid.
- Anatomisk atlas
Oppslagsverk med illustrasjonar, bilder og tekst som beskriv kroppen sine ulike deler og organ.
Fritt tilgjengeleg til alle innbyggjarar i Norge gjennom Helsebiblioteket.
- Artikelbasen
Referansar til danske tidskriftsartiklar og større artiklar i eit utval danske aviser.
- Atekst
Avisartiklar i fulltekst frå mange aviser, både riks- og lokalaviser. Kor langt tilbake i tid dette arkivet går, varierar frå avis til avis.
- Best Practice
Klinisk oppslagsverk frå BMJ Evidence Centre og som dekkjer meir enn 10 000 tilstandar.
- Bibliotek.dk
Database for danske folke- og fagbibliotek. Referansar til bøker og artiklar m.m.
- Bibsys Ask
Bibliotekkatalog for Nasjonalbiblioteket, universitet og høgskular og ei rekkje andre fagbibliotek i Norge.
- Bokhylla
Nasjonalbiblioteket si store e-boksamling med norsk litteratur utgitt før 2000. Du må ha norsk IP-adresse. Les meir om e-bøker frå HiSF.
- Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Universitetet i Oslo og Språkrådet har utarbeidd denne databasen.
- Brage
Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt opne arkiv for publikasjonar skrivne av tilsette og studentar. Her finn du HiSF sin skriftserie (Notat og Rapport), tidsskriftsartiklar, doktoravhandlingar, masteroppgåver og bacheloroppgåver.
- Britannica
Engelsk leksikon.
- British Library Public Catalogue
Bibliotekkatalog for British Library.
- Business Source Elite (Ebsco)
Internasjonal database med fagområda økonomi, næringsliv og administrasjon. Mange fagfellevurderte tidsskrift, men ver obs på embargo.
- CIA World Factbook
Statistikk frå amerikanske CIA (Central Intelligence Agency). Inneheld òg kart og fakta om alle land i verda.
- Cinahl
Database for sjukepleie og tilgrensande fag, m.a fysioterapi, ergoterapi og ernæring. Fulltekst, men ver obs på embargo i denne basen.
- Clinical evidence
Oppslagsverk mynta på primær- eller spesialisthelsetjenesten som oppsummerer den beste, tilgjengelege forskinga om effekt og biverknader av behandling for meir enn 250 diagnosar. Engelsk. Tilgang gjennom Helsebiblioteket.
- Cochrane Library
Medisin. Inneheld systematiske oversikter og randomiserte kontrollerte studiar over effekt av ulike behandlande og førebyggjande tiltak. Fulltekst.
- Cristin
Felles system for forskingsdokumentasjon ved universitet og høgskular, institutt- og helsesektoren i Norge. I basen finn du forskingsresultat, forskarprofilar, prosjekt og forskingseinheiter.
- Diktregisteret ved Deichmanske bibliotek
Hjelpemiddel for å gjenfinne og lokalisere dikt. Inneheld ikkje dikt i fulltekst.
- Doaj
Directory of Open Access Journals. Vitskaplege tidsskrift i fulltekst innan dei fleste fagområde.
- Embase
Ein database referansar til litteratur innan medisin og farmakologi. 5000 tidsskrift er analysert, dessutan konferanserapportar og bøker, men ikkje fulltekst. Ein database frå Ovid. Oslo Universitetssykehus har laga rettleiing.
- Eric
Internasjonal database (også mykje fulltekst) over pedagogisk litteratur frå 1966- . Her er referansar til artiklar, tidsskrift, bøker og avhandlingar.
- Felleskatalogen
Oppslagsverk for legemiddel som vert marknadsført i Noreg. Informasjon både for helsepersonell og pasientar. Finst òg i papirutgåve med årlege utgjevingar.
- Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapleg litteratur. Artiklar, bøker, rapportar, åpne forskingsarkiv m.m. Er du på HiSF-nettverket får du direkte tilgang til artiklar som biblioteket abonnerar på.
- Helsebiblioteket
Nasjonal lenkeportal for helseinformasjon som ligg ope, men har òg innhald som er abonnementsbasert. Helsepersonell kan registrere seg direkte i Helsebiblioteket, sjå øvst til høgre på portalen.
- ICD-10
Internasjonal klassifikasjon av sjukdomar og beslekta helseproblem frå WHO, men her i norsk versjon ved Helsedirektoratet.
- Idunn
Tverrfagleg norsk database med ca 50 tidsskrift i fulltekst. Varierande omfang, men det eldste innhaldet er frå 2002. Sjå evt søkerettleiing hjå Idunn. Biblioteket anbefaler deg generelt å søke via Oria eller Norart.
- JSTOR
Fulltekstartiklar frå mange ulike fagområde. Biblioteket har tilgang til nokre samlingar av arkivet. Arkivet har ikkje med dei siste 3-5 årgangane. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.
- Juridisk nettviser
Emneportal for ressursar innan juss.
- Library of Congress Online Catalog
Bibliotekkatalog for Library of Congress, USA.
- Library, Information Science & Technology Abstracts (Ebsco)
Referansar til tidsskrift, bøker og andre publikasjonar innanfor bibliotek- og informasjonsvitskaplege emne.
- Libris
Database for svenske folke- og fagbibliotek. Referansar til bøker og artiklar m.m.
- Lovdata og Lovdata Pro
Lovdata er ein open database der du finn gjeldande norsk rett. Dersom du ønskjer tilgang til fleire rettskjelder, må du logge deg på (øvst i høgre hjørne). Brukarnamn og passord ligg i Fronter. Første gong du loggar deg på, må du registrere deg som personleg brukar. Bruk epostadressa du har fått som student ved HiSF. Neste gong du skal inn i basen, er det nok at du loggar deg på med din personlege brukarkonto.
- Medline
Medline inneheld referansar til artiklar innan medisin, sjukepleie, fysioterapi, ernæring, odontologi, veterinærmedisin og andre helsefag. Mykje fulltekst.
- Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan dei fleste fagområde.
- Norsk Ordbok 2014
Dette er ikkje ei rettskrivingsordbok, men ei ordbok med ordtilfang frå dei norske dialektane og nynorsk skriftspråk.
- Ordnett
Elektroniske ordbøker på mange språk; nynorsk, bokmål, engelsk, fransk, spansk, tysk, italiensk og svensk. Har også framandord, synonym, juss, teknisk, økonomisk og medisinsk ordbok og grammatikk og språkvettreglar.
- Oria
Oria er ein søkemotor som lar deg søke i bibliotekets samla ressursar: bøker, artiklar, tidsskrift, musikk, filmar og elektroniske ressursar m.m. Du kan velje å søkje i biblioteket ved HiSF eller alle universitets- og høgskulebiblioteka i landet.
Skal ein gjera meir presise litteratursøk er det fornuftig å bruke fagdatabasane. Ebscobasane Cinahl og SportDiscus har mykje materiale som ikkje blir fanga opp av søk i Oria. Les meir om korleis søke i Oria.
- ProQuest Medical Collection
ProQuest Medical Collection er ei samling sett saman av tre ProQuest-basar: Medical Library, Nursing og Psychology. Mykje fulltekst. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.
- PsycInfo
Referansedatabase innan psykologi og beslekta emne (medisin, psykiatri, sjukepleie, sosiologi). Ein database frå Ovid.
- Pubmed
Pubmed er gratisversjonen av Medline, verdas største database innan medisin og helsefag.
For å få mykje fulltekst, bruk denne lenka eller gå via Helsebiblioteket.
- PubPsych
Europeisk database for psykologi og psykiatri. Omfattar fleire språk og flere dokumenttypar. Engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk.
- Regional business news (Ebsco)
Amerikanske og canadiske næringslivstidsskrift. Fulltekst.
- SAGE Premier
Vitskaplege artiklar frå forlaget Sage sine tidsskrift. Dekkjer samfunnsvitskap, humaniora, medisin, ingeniørfag samt miljø- og biovitskap. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.
- Sang og viseregisteret
frå Nasjonalbiblioteket
- ScienceDirect
Fulltekstartiklar frå vitskaplege tidsskrift innan dei fleste akademiske fag. Enkelte artiklar kun med samandrag (abstract). Du vil også finne artiklane via søk i Oria.
- Scopus
Dette er ein referanse- og siteringsdatabase frå Elsevier. Du kan finne abstract og direkte lenking til fulltekstartikler og andre bibliotekressurser. Om lag 18 000 fagfellevurderte tidsskrift frå meir enn 5000 utgjevarar. 1800 Open Access-tidsskrift, 250 konferanse proceedings, ca 425 Trade publications og ca 325 bokserier. Totalt ca 46 millioner referanser. Meir om innhaldet på Scopus.
- SportDiscus
Internasjonal fagdatabase for idrett, idrettsmedisin og relaterte emne. Fulltekst, men ver obs på embargo i denne basen.
- SpringerLink E-books
HiSF har ei samling på over 40 000 bøker frå Springer (pr oktober 2014). I basen her ser du alt Springer tilbyr. HiSF sine e-bøker finn du også via Oria. Les meir om e-bøker frå HiSF. Via denne lenka (som er leverandøren sitt søkegrensesnitt) får du tilgang både til tidsskrift og bøker.
- SpringerLink Journals
SpringerLink gir tilgang til omlag 2000 vitskaplege tidsskrift innen mange fagområder. HiSF sine e-bøker frå same leverandør er også er tilgjengeleg via dette søkegrensesnittet. Desse tidsskrifta med innhald og lenker til fulltekst finn du også via Oria.
- Statistisk sentralbyrå
Byrået er ansvarleg for utarbeiding av offisiell statistikk i Noreg. SSB har også utarbeidd eit oversyn over statistikk frå ulike organisasjonar og institusjonar i inn og utland.
- Store norske leksikon
Norsk oppslagsverk.
- SveMed+
Nordisk artikkelbase for medisin, sjukepleie og helsefag. Noko fulltekst. Mest svensk og engelskspråkleg matriale, men og ein del dansk og norsk.
- Taylor & Francis
Fulltekstartiklar i akademiske tidsskrift utgitt av forlaget Taylor & Francis. Tverrfagleg. Du vil også finne artiklane via søk i Oria.
- Telefonkatalogen
Telefonkatalog som er tilgjengeleg på HiSF sitt datanett.
- Termbase for UH-sektoren
Database med engelske administrative termar (omlag 2000 ord) frå universitets- og høgskulesektoren
- Up to date
Medisin, engelsk.
- Web of Science
Internasjonal artikkel- og siteringsbase, i alt 3 basar eller omlag 17.000 tidsskrift vert indekserte. Du kan ofte følgje lenker vidare til fulltekst. Sjå kort film for korleis bruke basen. Tilgang frå 1975-
- Wiley Online
Databasen har innhald frå 1997 til idag og inneheld to samlingar: Omlag 600 tidsskrift under overskrifta "humanities & social science" og ca 800 tidsskrift innan "science, technical, medical". Du kan også bla i emnene.
- WorldWideEnergy.Org
Søketeneste for energirelatert informasjon. Viser til forskingsresultat, artiklar, rapportar, konferansar, statistikk m.m
Inneheld også tidlegare ETDE World Energy Base.