Demens og alderspsykiatri
Arbeider du i første- eller andrelinja innan helse- og sosialtenesta, og ønskjer å utvikle vurderings- og handlingskompetansen din? Dette studiet fokuserer på forebygging, diagnostisering og behandling av demens og psykiske lidingar som opptrer i høg alder.
Studieinnhald
For å kunne yte gode tenester til desse pasientgruppene, treng du spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi.
Du lærer om
- normal psykososial aldring
- demens- og alderspsykiatrisk utgreiing og behandling
- kommunikasjon, samhandling og miljøtiltak
- alderspsykiatriske tenester i første- og andrelinjetenesta
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom fellessamlingar, gruppearbeid, rettleiing og skriftleg arbeid. Det er lagt opp til tre samlingar á tre dagar. Sjå samlingsdatoar.
Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg ved hjelp av e-læringsverktøyet Fronter.
Studiet er eit valemne i Master i samhandling innan helse- og sosialtenester.
«Vi lærer at det er viktig å ivareta pasienten sine ressursar og å vise respekt for pasienten sine ønskjer. Det er også stort fokus på å få til eit godt samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.»
- Hege Karin Sandal Høyvik, tidlegare student
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Førde
- Studielengd:
- ½ år deltid
- Studiepoeng:
- 15
- Nivå/grad:
- Vidareutdanning
- Opptakskrav:
- Treårig helse- eller sosialfagleg høgare utdanning og eitt år relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjar med anna høgare utdanning kan få opptak etter særskilt vurdering.
- Studiekode:
- 216 1617
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.08.2015