Hopp til innholdMeny

Ein god start i Førde!

Gjennom fadderordninga og fadderveka gjer vi det vi kan for at du skal få ein god start på studietida di ved HiSF.

IMG_2540.jpg

Fadderordning

Som ny student blir du del av ei studiumvis faddergruppe, med ein 2. eller 3. årsstudent som din fadder. Dei første dagane vil du og faddergruppa di få omvisning på Høgskulen og i Førde. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og større samlingar for alle nye studentar.

Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!

Fadderveka i Førde

Ved studiestart blir det konsertar, turar og andre sosiale arrangement i regi av studentsamfunnet og studentorganisasjonane. Her er det mykje å glede seg til!