Hopp til innholdMeny

EndNote

EndNote er eit verktøy som hjelper deg å setje inn siteringar og lage litteraturlister i ulike stilar i dine dokument. Alle tilsette og studentar ved HiSF kan få installert EndNote på sin PC eller Mac. Men du kan også velje å bruke EndNote Online som ikkje krev installering av programmet.

Korleis kome i gang?

Biblioteket kan hjelpe deg i gang med programmet. Kontaktperson i Førde er Sigrid Gjelsvik og i Sogndal Lise Vik-Haugen.
endnoteproduct_details_air.png

EndNote Desktop versjon 

Denne versjonen vert installert lokalt på din eigen maskin, PC eller Mac. Det har ubegrensa lagringskapasitet og svært avansert funksjonalitet. Kontakt Biblioteket ved Lise Vik-Haugen eller IT ved Stian Stedje Hofslundsengen. Siste versjon av programmet er X7. 

EndNote Online versjon

Denne versjonen krev ingen installering av programvare og gir lett tilgang til referansesamlinga uansett kvar du er. Det er enkelt å dele referansar med andre, men du vil få noko mindre funksjonalitet. Registrer deg som brukar på www.myendnoteweb.com. Du må vere på høgskulen sitt datanettverk når du registrerer deg.

Dei mest brukte stilane ligg i programmet. Kontakt biblioteket ved Lise Vik-Haugen dersom du treng fleire stilar. Her finn du ei rettleiing, utarbeidd av BI-biblioteket: endnote_web_kokebokBI.pdf.

Bruk EndNote Online og Desktop parallelt

EndNote Desktop og EndNote Online kan brukast parallelt ved at du synkroniserer referansane dine.

APA og EndNote

Her er to ulike rettleiingar for korleis du brukar EndNote mot APA-stilen