Fornye lån
Du kan sjølv fornya låna dine ved HiSF.

Sjå ein liten film (1:24 minutt) som viser korleis du fornyar
eller følg denne oppskrifta
- Logg på i Oria.no, øvst til høgre
- Høgskulen i Sogn og Fjordane i nedtrekksmenyen
- Logg på med ditt HiSF brukarnamn og passord
- Klikk på Min Konto, merk dei dokumenta som du ynskjer å låne lenger og klikk Forny valgte. Du kan fornye inntil 5 gonger.
Du kan ikkje fornye:
- Dokument med venteliste
- Dokument som er lånt inn frå andre bibliotek, desse må du kontakte HiSF biblioteket for å få fornye.
- Dokument med 3. gangs purring eller erstatningskrav.
Lånetid
Utlånstida for bøker er normalt 4 veker. Bøker lånt inn frå andre bibliotek kan ha kortare lånefrist.
Vi sender innkalling på studenteposten din, du pliktar difor å lese denne regelmessig.