Hopp til innholdMeny

Friluftsliv

Tenk å vere på tur i fjellet – når du er på jobb! Dersom du også kunne tenke deg å ta andre folk med ut i naturen, er bachelor i friluftsliv noko for deg. Gjennom studiet blir du ein trygg vegleiar, som skal gi gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

Møt ein student og ein lærar på friluftslivstudiet.

Studieinnhald

Vi er mykje på tur, og Jotunheimen, Jostedalsbreen og Sognefjorden er ein del av klasserommet vårt, saman med gode treningsfasilitetar på Fosshaugane Campus.

Det første året i studiet utgjer idrett årsstudium.

Du lærer

  • å planlegge og gjennomføre trygge aktivitetar innan friluftsliv. Du lærer særleg om toppturar, breføring og klatring.
  • grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv
  • om skred, ernæring, orientering og førstehjelp
  • å kritisk vurdere verdiar og haldningar som pregar vår levemåte og ulike former for friluftsliv

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den! 

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, ekskursjonar, gruppe- og prosjektarbeid. Du har to vekers praksis i første og andre studieår.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 

Overflytting
Dersom du har tatt årsstudium i idrett/anna relevant utdanning, kan du søke direkte til 2. år. Med fagleg grunnlag som tilsvarar dei to første åra kan du søke direkte til 3. år. Du søker då gjennom SøknadsWeb.

Veit du at Studiebarometeret viser at studentane på dette studiet er blant landets mest fornøgde idrettsstudentar?

Sjå resultata frå Studiebarometeret

Veit du at du kan ta emnet Global Knowledge, og ha praksis i Zambia?

Les om Global Knowledge

«Friluftsliv er så mye, men aller mest handler det om naturopplevelser. Det er fantastisk å gjøre det morsomste man vet mens man er på skolen.»

- Stian Langeland, friluftslivsstudent

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
3 år
Studiepoeng:
180
Nivå/grad:
Bachelor
Opptakskrav:
Sjå innhaldsfeltet. 
Krav om politiattest
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 38,8. Kvote for førstegangsvitnemål: 29,6
Studiekode:
216 302
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak