Hopp til innholdMeny

God stemning heile året

I Sogndal skjer det mykje gjennom eit studieår, og arenaen for mykje av det som skjer er studenthuset Meieriet.

Meieriet

Studenthuset Meieriet kan fort bli din andre heim. På «Laben» er det kafé og pub, og her kan du spele spel, bli med på quiz, ta ein kaffi eller ein halvliter. Her vil du alltid treffe kjende!

«Tanken» er konsertarena og diskotek, og har ei av dei beste studentscenene i landet. På Meieriet er det mange studentaktivitetar, som kor- og bandøving, dans, studentavis med meir. 

Studenthuset Meieriet er den største studentorganisasjonen i Sogndal, og blir drive av frivillige studentar.

Vekao – årets høgdepunkt!

Vekao i mars er ei veke full av konsertar, turar og andre arrangement.