Idrett, fysisk aktivitet og helse
Har du lyst å jobbe med menneske, fysisk aktivitet og folkehelse? Bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse har ein helsefagleg profil med fokus på fysisk aktivitet både på individ- og samfunnsnivå.
Studieinnhald
Undervisninga foregår i gode lærings- og treningsfasilitetar på Fosshaugane Campus. Utdanninga kvalifiserer til tittelen Fysisk aktivitet- og helserådgivar.
I studiet lærer du
- korleis kroppen er bygd opp og korleis fysisk aktivitet og inaktivitet påvirkar den
- korleis fysisk aktivitet kan brukast som forebygging, behandling og opptrening
- å planlegge, gjennomføre og evaluere fysisk aktivitet for ulike målgrupper
- korleis livsstil påvirkar helsa vår
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid.
Du har praksis i alle tre studieåra.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Overflytting
Dersom du har årsstudium i idrett, kan du søke direkte til 2. år. Med fagleg grunnlag som tilsvarar dei to første åra kan du søke direkte til 3. år. Du søker då gjennom SøknadsWeb.
Veit du at Studiebarometeret viser at studentane på dette studiet er landets mest fornøgde idrettsstudentar?
Veit du at du kan ta emnet Global Knowledge, og ha praksis i Zambia?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Krav om politiattest
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: 41,2. Kvote for førstegangsvitnemål: 37,8
- Studiekode:
- 216 440
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015