Hopp til innholdMeny

Ingeniør forkurs, tresemester

Har du lyst til å bli elektroingeniør, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Tresemesterordninga kvalifiserer for opptak til bachelor i ingeniør elektro ved HiSF.

Kvinneleg og mannleg student i samtale på benk utandørs
Som student i Førde blir du del av eit oversiktleg og inkluderande studentmiljø.

Studieinnhald

Studiet gir deg kunnskapar innan matematikk og fysikk.

Matematikk

Undervisninga skjer gjennom 6 veker på sommaren før du byrjar på første året i bachelorutdanning. Kvar dag er det 3 økter x 2 timar frå kl. 08.30 - 14.00. Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2 (2MX og 3MX).

Undervisningsplan for sommaren 2015

Fysikk

Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna haustsemesteret første studieår,  totalt 90 timar. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1 (2FY). Dersom du har har R1, R2 eller Fysikk 1 ( 2MX, 3MX eller 2FY), kan du få fritak for delar av kurset.

Når du har greidd alle emna første året, har du kome like langt som dei ordinære ingeniørstudentane. 

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, rekneøvingar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte og mappevurdering.

Undervisningsplan for sommaren 2015

Veit du at dei fleste passerer forkurset hjå oss med gode resultat?

Fakta om studiet

Studiestad:
Førde
Studielengd:
½ år
Studiepoeng:
0
Nivå/grad:
Kurs
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiekode:
216 1910
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015