Hopp til innholdMeny

IT-støtte

Utskrift og kopi

På skrivarane våre kan du kopiere, skrive ut, scanne til e-post, stifte og brette. Du treng studentkortet ditt når du skal bruke skrivarane. Du finn skrivarar i Høgskulebygget 4. etg, Fossbygget 2. og 3. etg, Stadionbygget 2. etg. og Guridalsbygget. 

I byrjinga av juli 2015 vart det plassert ut nye skrivarar på bygga våre i Sogndal og Førde. Dette betyr at alle studentar (nye og gamle) treng nye kort. Du kan hente kortet ditt i Studenttorget i Sogndal eller Servicesenteret i Førde. 

Slik aktiverer du det nye kortet ditt

  1. Gå til https://pay.hisf.no/safecom/webuser.dll/login
  2. Under Oppsett vel du «Se din PUK-kode». Vel «generer ny PUK". Skriv ned den åttesifra koden.
  3. Ta med det nye kortet og PUK-koden til ein skrivar, og hald kortet over kortlesaren.
  4. Skriv inn PUK-koden.
  5. Skriv inn PIN-koden din (som du brukar for å kome inn i bygga våre). Dersom du har gløymt PIN-koden, kan du lage ein ny i StudentWeb, under Profil. 
  6. No er kortet aktivert og klart for bruk.
  7. Ved utskrift vel du som før Pullprint (PUK-koden treng du berre når du skal aktivere kortet).

Nye studentar har ein startsaldo på 100 kr. Når det er brukt opp,fyller du sjølv opp med så mykje du vil. 

Tomt kort? Fyll opp!

Problem med Fronter?

For å få tilgang til romma dine i Fronter må du ha godtatt utdanningsplanen din i StudentWeb. Fristen for dette er 15.9. for haustsemesteret og 15.2. for vårsemesteret. Har du ikkje har gjort dette innan fristen må du sende e-post til studentweb@hisf.no. Husk å oppgi studentnummeret ditt.

Har du godtatt utdanningsplanen din innan fristen, men manglar tilgang til rom, sender du e-post til studentweb@hisf.no. Husk å oppgi studentnummeret ditt.