Hopp til innholdMeny

Kroppsøving 3

Ønskjer du å spesialisere deg i kroppsøving? Dette studiet gir deg tverrfagleg kunnskap om fysisk aktivitet, og ser på tema og problemstillingar som er sentrale for læring av bevegelse.

Dataanimasjon av mann som spring, med kurver opp og ned.

Studieinnhald

Gjennom studiet lærer du

  • kva det vil seie å vere og lære i bevegelse
  • korleis fremje og vurdere gode aktivitetsvanar i kroppsøving
  • å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter
  • om pedagogiske teoriar og didaktiske metodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid, både teoretisk og praktisk. 

Mellom samlingane vil kommunikasjonen gå føre seg gjennom e-læringsverktøyet Fronter.  

Sjå samlingsdatoar

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år deltid
Studiepoeng:
30
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Tilleggskrav: Årsstudium i idrett eller tilsvarande.
Studiekode:
216 1587
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.08.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak