Hopp til innholdMeny

Matematikk 3

Denne vidareutdanninga bygger på Matematikk 1 i allmennlærarutdanninga/ grunnskulelærarutdanninga.

Skulejente foran tavle med reknestykke

Studieinnhald

Du fordjupar deg innan matematikkdidaktikk, med vekt på kjenneteikn og utfordringar ved læring og undervisning i matematikk, og emne som står sentralt i rein og anvendt matematikk.

Dette blir konkretisert gjennom arbeid med seks tema:

  • Talteori
  • Algebra
  • Geometri
  • Undervisnings- og arbeidsformer i matematikk
  • Problemløysing
  • Bevis

Studiet inneheld nokre tema frå den tidlegare vidareutdanninga matematikk 2. Ta kontakt med fagansvarleg for spørsmål om dette.

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og undervisning i grupper med ikt som hjelpemiddel.

Studiet er samlingsbasert, med obligatorisk oppmøte.

Sjå samlingsdatoar

Veit du at dette studiet kan inngå som eit fordjupningsemne i Master i læring og undervisning ved HiSF?

Les om masterstudiet

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år deltid
Studiepoeng:
30
Nivå/grad:
Vidareutdanning
Opptakskrav:
Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, førskulelærar, faglærar eller praktisk-pedagogisk utdanning) Tilleggskrav: Matematikk 1 eller tilsvarande.
Studiekode:
216 1021
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.08.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak