Naturfag
Treng du meir realfag og vil lære meir om naturen? Årsstudium i naturfag gir deg eit godt grunnlag for vidare studium.
Studieinnhald
Du lærer
- om matematisk metode
- å utarbeide statistikk, og tenke kritisk i forhold til presentert statistikk i media og publikasjonar
- å gjennomføre miljøkonsekvensanalysar og utforme konsesjonssøknader for energianlegg
Studiet gir deg også innsikt i korleis miljøet skal forvaltast på ein bærekraftig måte.
Du har emner som generell økologi, matematikk, miljø- og energipolitikk, fysikk og statistikk. I tillegg har du valfag, der du vel mellom geologi og botanikk.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, laboratoriearbeid, ekskursjonar og feltarbeid. Du har blokkundervisning, det vil seie at du jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før du byrjar på neste emne.
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 1 år
- Studiepoeng:
- 60
- Nivå/grad:
- Årsstudium
- Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse i tillegg til matematikk R1, og enten R2 eller eit anna realfag på VG3-nivå. Realkompetanse.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: Alle kvalifiserte. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
- Studiekode:
- 216 373
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015