Avdelingsrådet
Avdelingsleiing
Studienemd for Bachelor i sjukepleie
Fou-utval

Om Avdeling for helsefag

Klikk for større bilete

Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga.

Dekan er Eva Marie Halvorsen

Avdelingsråd
Rådet er eit generelt rådgjevande organ og høyringsorgan, men med eit spesielt ansvar for å gje råd i faglege saker. Dessutan skal rådet vere eit organ som fører tilsyn med avdelinga si verksemd. Rådet er sett saman av tilsette, studentar og eitt eksternt medlem.

Avdelingsleiing
Avdelingsleiinga utveksler informasjon og tek opp saker som vedkjem den daglege drifta. Vidare har ein eit blikk på framtida, diskuterer kvalitetsarbeid og studieutvikling. Leiargruppa er sett saman av dekan, studieleiarane og rådgjevarane. Avdelingsleiinga har møte om lag to gonger per månad.

Fou-utval
Fou-utvalet ved AHF skal vere eit rådgjevande organ for dekan og i hovudsak arbeide i forhold til følgjande oppgåver:
- Drive fagleg og strategisk arbeid i forhold til fou-aktiviteten på avdelinga
- Følge opp og vere pådrivar på fou-verksemda på avdelinga

Studienemnder
Avdelinga har to studienemnder som er sett saman av fagtilsette, eksterne medlemmer og studentar. Kvart haustsemester blir det valt nye studentmedlemmer.



Sist endra av: Kristen Stæger-Breisnes, 05. juni 2007 14:35:37
Publisert av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 12:08:08