Zambia

Klikk for større bilete

HSF knyter band til Zambia

Vi har so langt avtalar med fire forskjellige undervisnings-institusjonar i Zambia. Den første avtalen var med David Livingstone College of Education (DALICE).

Rektor der har vore to gonger i Sogndal for å læra meir om samarbeidstemaet vårt, fådelt skule. Avtalen har for HSF sitt vedkommande fungert einsidig ved at vi har sendt studentar til Zambia. Vi har sendt allmennlærarstudentar som går 3. året og dei har hatt ein del av praksisen sin i Afrika. Dei studentane som har vore der, stortrivst og seier det er ei oppleving for livet. ALI opplever at det er stor rift blant studentane om å få reisa, og ALI har vurdert og vurderer sikkerheita nøye før dei sender studentar nedover.

Meir informasjon om samarbeidet finn du ved å klikka lenkja nedanfor: "Meir informasjon om ..."

Lærarutdanningsprogrammet Sør - Nord.

ALI/DALICE har fått pengar til å jobba med dette. Meir informasjon finn du her

Informasjon

»  Meir informasjon om samarbeidet med Zambia
 
»  Informasjon om studieopphald i Zambia
 


Sist endra av: Ane Bergersen, 31. oktober 2007 15:50:43
Publisert av: Guy Steffen Brun, 06. desember 2006 08:57:31