
Generell informasjon, praktiske opplysningar og skjema finn du via HSF si hovudside om internasjonalisering.
Når kan ein reise ut?
Studentar ved Avdeling for samfunnsfag sine bachelorstudium kan søkje om å ta 5. semester ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Ved historie- og sosiologistudia kan evt. 6. semester også vere aktuelt.
Kven kan reise?
Kriterium for utvelging er ein heilskapleg vurdering basert på karakterar på tidlegare eksamenar, evaluering frå praksis, søknad og eventuelt intervju/samtale. Ein må ha følgt normert studieprogresjon. Nokre engelskspråklege universitet krev minst 4 i karakter frå vidaregåande skule. Alternativt kan ein ta språktest.
Kor kan ein reise?
Avdelinga har for tida avtale med følgjande institusjonar:
Det vert arbeidd med å få til avtale i England (vernepleie) og i Island (vernepleie, sosialt arbeid).
Du kan også søkje om å studere ved lærestader som HSF ikkje har avtale med, men du må då sjølv skaffe fram all informasjon/ dokumentasjon som er nødvendig for at HSF skal kunne vurdere søknaden.
Lærarar ved fleire av studia er involvert i undervising og samarbeid med utanlandske utdanningsinstitusjonar, og det vert arbeidd vidare for å få til fleire gode avtalar for studentane.
Hausten 2006 studerte fem studentar (frå Burundi, England/Noreg, Japan, Spania og Zambia) emnet Norwegian Welfare Politics ved HSF, Avdeling for samfunnsfag. Les meir:
Sist endra av: Caisa Hedlund, 22. desember 2006 14:05:50
Publisert av: Guy Steffen Brun, 05. desember 2006 08:49:16