Studentbarnehagen Utskriftsvennleg versjon

Klikk for større bilete

I Sogndal har me ein eigen studentbarnehage med 44 barnehageplassar. Det er Studentsamskipnaden som driv denne, og tilbodet er særs retta mot studentane sine behov. Sogndal Studentbarnehage ligg sentralt plassert med gangavstand til alle avdelingane på høgskulen.

For både vaksne og barn kan det ofte vere ein stor overgang å flytte til ein ny stad. Dei tilsette i studentbarnehagen har lang erfaring og høg kompetanse med å ta imot "studentbarn". For dei føresette er det ein fordel å møte andre foreldre i same situasjon, og det vert lettare å lage "nettverk".

Studentbarnehagen har eit tett samarbeid med HSF gjennom ein intensjonsavtale. Avtalen inneber mellom anna at studentar har høve til å praktisere drama, musikk, forming og pedagogikk i barnehagen - noko som gjer at kvardagen for barnehageborna tidvis vert særs variert og spanande. Personalet held seg på same måte godt fagleg oppdatert. I tillegg er barnehagen øvingsbarnehage for avdeling for lærarutdanning ved HSF.

Les meir


Sist endra av: Berit Amundsen, 09. januar 2007 11:31:53
Publisert av: Åse Neraas, 28. september 2006 09:02:42