Master i læring og undervisning
Dette masterstudiet passar for deg som ønskjer å fordjupe deg i prosessar knytt til læring og undervisning. Gjennom studiet får du ei fagleg fordjuping og ei djupare forståing av det å undervise.
Studieinnhald
Vi tar opp problemstillingar frå skulekvardagen, og du fordjupar deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk i faga norsk, matematikk eller kroppsøving.
Du lærer
- om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
- om nyare klasseromsforsking
- å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
- korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Studiet er samlingsbasert. Vi har forelesingar, seminar, gruppearbeid, casedrøftingar og prosjektarbeid.
Ikt blir brukt som kommunikasjonskanal og læringsverktøy. Det blir lagt til rette for fleksibel gjennomføring av studiet.
Opptakskrav
Du må oppfylle eitt av følgjande opptakskrav:
- Fullført og bestått lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, grunnskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning)
- Fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane (180 sp).
Tilleggskrav (alle krava må vere oppfylt):
- Det er krav om 60 studiepoeng fordjuping i eitt av skulefaga norsk, matematikk eller kroppsøving.
- Fullført og greidd praksis frå grunnutdanninga (gjeld ikkje studentar som kjem direkte frå grunnskulelærarutdanninga 3.studieår)
- Karakteren C rekna ut frå følgjande grunnlag:
- For allmennlærarutdanninga: Pedagogisk teori i lærarutdanninga (30 sp) + eitt skulefag på 60 sp
- For grunnskulelærarutdanninga 1-7 og 5-10: Pedagogikk og elevkunnskap (60 sp) + eitt skulefag på 60 sp
- For faglærarutdanning: Pedagogisk teori +fagdidaktikk (60 sp) + eitt skulefag på 60 sp
- For Praktisk-pedagogisk utdanning: Pedagogikk + didaktikk (60 sp) + eitt skulefag på 60 sp
«Me har engasjerte og kunnskapsrike forelesarar, og det er praktisk mogleg og meiningsfullt å kombinere studium og jobb. Det å fordjupe seg i sentrale tema innan læring og undervising har gitt meirsmak. »
- Ole Erik Grinde, tidlegare masterstudent
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 2 år heiltid/3 eller 4 år deltid
- Studiepoeng:
- 120
- Nivå/grad:
- Master
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Studiekode:
- 216 1329
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015