Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), samlingsbasert deltid
Har du universitets- eller høgskuleutdanning og vil bli lærar? Eller har du yrkesfagleg bakgrunn? Med praktisk-pedagogisk utdanning kan du undervise i 5. klasse og oppover - alt etter kva fag du har.
Studieinnhald
Neste opptak til deltidsstudiet blir i 2016.
I studiet vidareutviklar du fagkompetansen din. Du lærer å undervise i dine fag og utviklar sosial og yrkesetisk kompetanse som førebur deg til læraryrket.
Du lærer
- å planleggje og evaluere undervisning og læring
- om etikk og yrkesidentitet
- å leggje til rette for tilpassa opplæring
- å samarbeide med elevar/lærlingar, kollegaer, foreldre og andre for å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa
Du har 12 veker praksis.
Fagtilbod:
- Yrkesdidaktikk
- Fagdidaktikk i samfunnsfag, framandspråk, norsk, matematikk, naturfag og kroppsøving
Det er ein føresetnad for opptak at søkarane har fag som høgskulen kan tilby fag-/yrkesdidaktikk og praksisplassar i, og at det blir nok søkarar innanfor dei enkelte fag-/yrkesdidaktikkområda.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Studiet er samlingsbasert, med samlingar ca. ein gong i månaden (frå fredag ettermiddag til laurdag). I tillegg blir det to 3-dagars samlingar i Sogndal per studieår.
Du har forelesingar, arbeid og diskusjonar i grupper og seminar, prosjektarbeid og ulike praktiske aktivitetar.
Opptakskrav
Eitt av krava under må vere oppfylt:
- Fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring. Opptak til studiet krev minimum 60 studiepoeng (sp) i eit eller to fag, med innhald som har relevans for undervisning i skulen.
- Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
- Generell studiekompetanse, fag-/svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, to års relevant yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande opplæringsnivå og minimum 4 år yrkespraksis.
- Realkompetanse. Vurdering av realkompetanse blir gjort i høve til søkjarar i kategori tre.
Veit du at du også kan ta PPU på heiltid?
«Studiet er godt tilrettelagt for oss som er i jobb. Utdanninga gir oss auka bevisstheit og gode verktøy som vi kan ta med oss inn i vår eiga undervisning. Det er mykje kompetanse i klassen, og det er ei stor styrke at vi er personar med ulik fagbakgrunn. »
- Oddbjørn Skjerdal, Kjersti Ese, Beathe E. Stentvedt og Marco Neven
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Førde/Sogndal
- Studielengd:
- 2 år deltid
- Studiepoeng:
- 60
- Nivå/grad:
- Årsstudium
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Krav om politiattest
- Studiekode:
- 216 1412
- Søknad frå:
- 01.02.2016
- Søknadsfrist:
- 15.04.2016