Idrett og kroppsøving
Vil du bli kroppsøvingslærar, trenar, leiar i idrettsorganisasjonar eller jobbe innan den kommersielle treningsbransjen? Bachelorstudiet i idrett og kroppsøving gir deg kompetansen du treng.
Studieinnhald
Vi brukar den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på Fosshaugane Campus i undervisninga.
I studiet lærer du
- idrettsfordjuping, ferdigheitslæring, coaching og leiing
- å bygge opp idrettsaktivitetar i skule og fritid
- å planlegge, gjennomføre og analysere fysisk trening
Du får også prøve ut og fordjupe deg i idrettsaktivitetar som ballspel, fotball, svømming og orientering.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, individuelt fordjupingsarbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Du har praksis i alle tre studieåra.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Overflytting
Dersom du har tatt årsstudium i idrett, kan du søke direkte til 2. år. Med fagleg grunnlag som tilsvarar dei to første åra kan du søke direkte til 3. år. Du søker då gjennom SøknadsWeb.
Veit du at Studiebarometeret viser at studentane på dette studiet er blant landets mest fornøgde idrettsstudentar?
Veit du at du kan ta emnet Global Knowledge, og ha praksis i Zambia?
«Valet stod mellom Oslo og Sogndal, og eg er glad for at eg valde Sogndal. Lærarane er nære og sterke, både teoretisk og menneskeleg. Sogndal er eit mekka for alle som likar å vere aktiv og bruke naturen. »
- Torgeir Aase Løseth
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Krav om politiattest
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: 36,8. Kvote for førstegangsvitnemål: 33,6
- Studiekode:
- 216 485
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015