Hopp til innholdMeny

HiSF Brage

Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt institusjonelle arkiv omfattar publikasjonar skrivne av tilsette og studentar.

Arkivet omfattar

Tilsette kan sjølv arkivere sine publikasjonar i HiSF Brage

Som tilsett gjer du dette etter at du har registert publikasjonen i CRIStin. Trykk på «Levér fulltekstdokument» og følg instruksjonane som kjem opp på skjermen.
Biblioteket sjekkar kva forlaget tillet før eventuell publisering i HiSF Brage. Ved å laste opp fulltekstdokumentet godtek du høgskulen sin avtale om publisering.

Studentar kan også publisere sine oppgåver

Høgskulen ønskjer å publisere bachelor- og masteroppgåver med karakter A eller B. Publisering er frivillig og krev samtykke. Avtaleskjema for publisering ligg som side to i oppgåveframsida. For at oppgåva skal bli publisert i Brage må du levere oppgåva i Fronter, i tillegg til den formelle innleveringa. Husk å legge ved utfylt samtykkeskjema.

Å få publisert bachelor- eller masteroppgåva di kan vere nyttig for deg i jobbsøkjarsamanheng. I ein cv eller jobbsøknad kan du legge ved lenke til oppgåva.

 

 

Målet med Brage er å gjere forskinga ved høgskulen meir synleg og tilgjengeleg for alle.